Ma'an guvernement

Ma'an (arabisk محافظة معان‎) er eit guvernement i Jordan, it ligg sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Its capital is byen Ma'an. This guvernement is the largest i kingdom of Jordan by area.

Ma'an
معان
guvernement
Land  Jordan
Distrikt 4
Byar Shoubak
Hovudstad Ma'an
Areal 32 832 km²
Folketal 175 200 (2019)[1]
Retningsnummer +(962)3
Urban 54.9%
Rural 45.1%
Kart
Ma'an guvernement
30°11′42″N 35°44′03″E / 30.195°N 35.734167°E / 30.195; 35.734167
Kart som viser Ma'an guvernement.
Kart som viser Ma'an guvernement.
Kart som viser Ma'an guvernement.
Wikimedia Commons: Ma'an Governorate

Historie

endre
 
Petra er ein verdsarvstad og eit av dei sju nye underverka.
 
Krossfararborga Montreal i Shoubak.
 
Hor-fjellet der ein trur at Aron, bror til Moses døydde, og byen Taibeh.

Området som guvernementet Ma'an dekkjer har mange historiske stader. Ma'an var hovudstaden i den arabiske staten som emir Abdullah erklærte ei kort stund i 1920 før hovudstaden vart flytta til Amman. Den første avisa i Jordan vart publisert i Ma'an og heitte Alhaqqu Ya'lu (الحق يعلو ). Ma'an guvernement var ein del av området til Edom, som hadde hovudstaden sin i Busaira i Tafilah guvernement. Edomittane vart sidan erstatta avnabatearane, som etterlet seg ein av dei mest merkverdige stadane i Midtausten, oldtidsbyen Petra. Etter å ha stått i mot invasjonane til makedonske og romersk armear, fall Petra til slutt for Romarriket i 103 evt. Like ved Petra ligg fjellet Jebel Nebi Harun, der ein trur Aron, bror til Moses døydde. Det ligg ei grav for Aron på fjelltoppen.

På 600-talet evt. vart Ma'an ein del av det islamske kalifatet. Då krossfararane kom på 1000-talet, tok dei kontroll over høglandet Shoubak, med ei høgd på meir enn 1300 meter over havet. Krossfararane bygde Montreal-borga i byen Shoubak.

Geografi

endre

Sjølv om Ma'an guvernement har det største arealet av dei 12 guvernementa i Jordan, har han lågast folketettleik: mindre enn fire personar per kvadratkilometer. Det grensar til Saudi-Arabia i aust og sør, Akaba, Tafilah og Karak guvernement i vest, og Amman guvernement i nord.

Klimaet i Ma'an er houvdsakleg ørkenklima, men dei vestlege høglanda har eit middelhavsklima. Årsnedbøren varierer frå 50 mm i ørkenområda til 250 mm i dei vestlege høglanda, og over 500 mm i Sharah-fjella.

Administrativ inndeling

endre

Ma'an guvernement er delt inn i fire departement.[2]

Nahiyaer i Ma'an guvernement etter folketal (2004)

  Shoubak i Ma'an guvernement

Nahiya Arabisk namn Areal Folketal (2004) [3] Adm. senter

 

Wadi Musa 
1 Al-Qasabah nahiya لواء قصبة معان omfattar byen Ma'an og 56 andre byar og landsbyar 51 016 Ma'an
2 Petra nahiya لواء البتراء omfattar 19 byar og landsbyar 23 840 Wadi Musa
3 Shoubak nahiya لواء الشوبك omfattar 27 byar og landsbyar 12 087 Shoubak
4 Husseiniya nahiya لواء الحسينية omfattar åtte byar og landsbyar 8 310 Husseiniya
Kjelde: وزارة الداخلية - الأردن SDet jordanske innanriksdepartementet

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ma'an guvernement