Wadi Rum (arabisk وادي رم) òg kalla Månedalen (arabisk وادي القمر) er ein dal som har skjert seg ut i sandstein og granitt sør i Jordan, 60 km aust for Akaba. Han er den største wadien i Jordan.[1] Namnet Rum kjem truleg frå ei arameisk rot som tyder 'høg'.[2]

Wadi Rum
وادي رم
dal
Fjell i Wadi Rum
Land  Jordan
Guvernement Akaba guvernement
Høgd 1 750 moh.
Koordinatar 29°34′35.4″N 35°25′11.74″E / 29.576500°N 35.4199278°E / 29.576500; 35.4199278
Areal 720 km²
Busett 8000 fvt.
Styre Akaba Special Authority
Verdsarvstad
År 2011 (#35)
Nummer [http://whc.unesco.org/en/list/1377 1377 1377]
Kriterium i, iii, iv
Kart
Wadi Rum
29°34′35″N 35°25′12″E / 29.5765°N 35.419927777778°E / 29.5765; 35.419927777778
Wikimedia Commons: Wadi Rum

Historie endre

 
Helleristingar i Wadi Rum

Wadi Rum har vore busett av mange kulturar sidan førhistorisk tid, og mange av dei har etterlate seg spor i form av helleristingar og tempel, inkludert nabatearane.

I vesten er Wadi Rum mest kjend for tilknytinga til den britiske offiseren T.E. Lawrence, som kryssa området mange gonger under arabaropprøret i 1917–18.[3] I 1980-åra vart ein av steinformasjonane i Wadi Rum kalla «Dei sju visdomssøylene» eller boka til Lawrence, som han skreiv etter boka, sjølv om 'Dei sju søylene' som vert omtalte i boka ikkje har noko med Rum å gjere.

Geografi endre

Området er sentrert kring dalen Wadi Rum. Det høgaste punktet i Jordan er Um Dami på 1840 moh., og ligg 30 km sør for landsbyen Wadi Rum. På ein klår dag er det mogeleg å sjå Raudehavet og grensa til Saudi-Arabia frå toppen.

Jabal Rum (1734 moh.) er det nest høgaste punktet i Jordan og den høgaste toppen sentralt i Rum,[4] og stig direkte opp frå Rumdalen ovanom Jebel um Ishrin, som er kring éin meter lågare.

Det finst mange helleristingar på veggane i Khaz'ali-kløfta som syner menneske og antiloper, datert attende til thamudisk tid. Landsbyen Wadi Rum har nokre hundre beduinske innbyggjarar med geitehårstelt og betonghus, ein skule for gutar, ein for jenter, nokre få butikkar og hovudkvarteret til Ørkenpatruljen.[5]

Turisme endre

Wadi Rum er heimstaden til Zalabia-beduinar, som arbeider med klatrarar og turgåarar, og har utvikla ein økoturisme i området, som no er hovudkjelda deira. Område er eit av dei viktigaste turistmåla i Jordan, med stadig fleire utlendingar, særleg fjellklatrarar og fjellturistar, men òg for kamel- eller hestesafari, eller folk som berre er på dagstur frå Akaba eller Petra.

Filmar endre

Fleire filmar er spelte inn dette området:

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Mannheim, Ivan (1. desember 2000). Jordan Handbook. Footprint Travel Guides. s. 293. ISBN 978-1-900949-69-9. Henta 27. september 2014. 
  2. tours in Wadi Rum[daud lenkje]
  3. Ham, Anthony; Greenway, Paul (2003). Jordan. Lonely Planet. s. 212. ISBN 978-1-74059-165-2. Henta 27. september 2014. 
  4. Scheck, Frank Rainer (1997). Jordanien: Völker und Kulturen zwischen Jordan und Rotem Meer (på tysk). DuMont Reiseverlag. s. 12. ISBN 978-3-7701-3979-8. Henta 27. september 2014. 
  5. Howard, Tony; Taylor, Di (May 1997). Treks and Climbs in Wadi Rum in Jordan. Cicerone Press Limited. s. 20. ISBN 978-1-85284-254-3. Henta 27. september 2014. 
  6. «Touristic Sites - South of Amman». Kinghussein.gov.jo. Henta 27. september 2014. [daud lenkje]
  7. McClintock, Pamela (June 1, 2012). «Box Office Report: 'Prometheus' Opening Ahead of 'Snow White' i U.K.». The Hollywood Reporter (Prometheus Global Media). Arkivert frå originalen 5. oktober 2015. Henta June 3, 2012. 

Bakgrunnsstoff endre