Opna hovudmenyen

Akaba (arabisk العقبة al-ʻAkabah) er eit guvernement i Jordan, sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er Akaba. Det er det fjerde største guvernementet i Jordan etter areal og det tiande største etter folketal.

Akaba guvernement
محافظة العقبة
region
Aqaba.jpg
Hamnebyen Akaba
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Distrikt 3
Hovudstad Akaba
 - høgd 24 moh.
 - koordinatar 29°31′25″N 35°0′26″E
Areal 6 905 km²
Folketal 139 200 (2012)
Guvernør Fawaz Irshaidat
Retningsnummer +(962)3
Urban 86%
Rural 14%
Plasseringa til Akaba guvernement i Jordan
Plasseringa til Akaba guvernement i Jordan
Wikimedia Commons: Aqaba Governorate

Akaba er ein hamneby ved Raudehavet og spelar ei viktig rolle i den jordanske økonomien. To av dei tre største turistmåla i Jordan ligg i Akaba guvernement, Wadi Rum, og hamnebyen Akaba.

Innhaldsliste

GeografiEndra

 
Byen Akaba er hovudstaden i Akaba guvernement

Akaba guvernement ligg heilt sørvest i Jordan, og grensa til Ma'an guvernement i aust, Tafilah guvernement i nord, Saudi-Arabia i sør, Israel i vest og Akababukta i sørvest.

HistorieEndra

Byen Akaba har vore busett sidan 4000 fvt., og nådde toppen sin i romartida, då romarane bygde Via Traiana Nova som endar i Akaba.

Akaba var òg åstad for somme av eventyra til sjøfararaen Sinbad i dei kjende arabiske eventyra.

I moderne historie er Akaba kjend for Lawrence av Arabia og slaget ved Akaba, eit av dei viktigaste slaga i fyrste verdskrigen i Midtausten.

Dei eldste funna skriven med arabisk alfabet var funnen i Wadi Rum i Akaba guvernement, og er datert attende til 300-talet.

Administrativ inndelingEndra

Akaba guvernement er delt inn i tre department:

Nahiya Arabisk namn Byar og landsbyar Adm. senter
1 Al-Qasabah nahiya لواء قصبة العقبة omfattar byen Akaba og tre nærliggande landsbyar Akaba
2 Wadi Arabia nahiya قضاء وادي عربة omfattar ni landsbyar Al-Reeshah
3 Al-Quwairah لواء القويرة omfattar 15 landsbyar Al-Quwairah

KjelderEndra