Waimate
- Denne artikkelen handlar om byen og distriktet på Sørøya på New Zealand. For misjonsstasjonen Waimate Mission Station på Nordøya, sjå Te Waimate mission.
Waimate er ein by og eit distrikt på Sørøya på New Zealand. Det ligg 45,7 km sør for Timaru, i den sørlege delen av regionen Canterbury, 20 km nord for elva Waitaki River.
Waimate | ||
Urbant område | ||
---|---|---|
Folketal: | 2 835 [1] | |
Distrikt | ||
Namn: | Waimate District Council | |
Folketal: | 7 206 [1] | |
Flatevidd: | 3 582,19 km² | |
Mayor: | John Coles | |
Heimeside: | http://www.waimatedc.govt.nz/Waimate/ | |
E-post: | council@waimatedc | |
Utstrekning: | Pareora River til Waitaki River, Stillehavet til Hakataramea Valley | |
Regionstyre | ||
Name: | Canterbury Regional Council |
Folketalet i Waimate District var 7 206 innbyggjar ved folketeljinga i 2006. Waimate hadde i 2006 det lågaste talet på maoriinnbyggjarar av alle distrikt på New Zealand, med 375 menneske[1]. Flatevidda er 3 582,19 km².
Waimate er godt kjend for bestanden av ei art wallaby, Bennett's wallabies (Macropus rufogriseus). Desse pungdyra vart innførde frå Australia og lever no vilt i områda kring byen. Det vert også drive lokal avl av desse dyra, og dei vert stundom eksporterte til zoologiske hagar[2].
HistorieEndra
Frå 1877 til 1966 hadde Waimate jarnvegssamband gjennom ei sidelinje sju km austover mot Studholme med Main South Line. Då sidelinja vart lagd ned i 1966, vart Waimate den første større byen på New Zealand som miste jarnvegssambandet.
GeografiEndra
Waimate District grensar til Waitaki River i sør, Pareora River i nord og Hakataramea Valley i vest. Distriktet er eit svært produktivt jordbruksområde med ei blanding av beitemarker, dyrking av plantevekstar, mjølkeproduksjon, frukt- og grønsaksdyrking.
Waihao River, som har nedslagsområdet sitt i Hunter Hills, renn austover på sørsida av byen og går saman med Waimate Creek. Båe tømmer seg til slutt svært nær sjøen i Wainono Dead Arm, som så renn ut i Wainono Lagoon nær Studholme.
Rurale samfunnEndra
ØkonomiEndra
Liksom mange landlege distrikt på New Zealand, vart òg Waimate råka av den økonomiske nedgangen i 1980-åra, med nedlegging av meieriverksemda og ei rekkje sagbruk. I det siste tiåret av den 20. hundreåret var dei største arbeidsgjevarane i distriktet to møbelfabrikkar, ein fabrikk som produserte vegetabilske produkt og ein fabrikk som laga pommes frites og andre potetprodukt, alle i Makikihi. Alle, utanom den sistnemnde, vart nedlagde i løpet av dei første åra av det 21. hundreåret. Ei nyoppretta stor trelastverksemd, og bygging av ein stor mjølkepulverfabrikk har, saman med auka velstand i det mjølkeproduserande landbruket og ein lokal byggeboom, skapt ny optimisme i Waimate.
VenskapsbyarEndra
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 QuickStats About A Place Frå folketeljinga i 2006. Statistics New Zealand
- ↑ «Wallabies». Waimate District Council. 2004. Henta 15 mars 2010. Sjekk datoverdiar i
|besøksdato=
(hjelp)
BakgrunnsstoffEndra
- Heimesida til Waimate District Council.
- An Encyclopedia of New Zealand 1966: Waimate
- Kyrkjer Waimate.
- Uoffisiell Waimate-side Bilete og lenkjer.
- Denne artikkelen bygger på «Waimate» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2010.