Te Matua Ngahere er eit stort kauritre i Waipoua Forest i regionen NorthlandNew Zealand.

Te Matua Ngahere

StadWaipoua Forest
LandNew Zealand
Kart
Te Matua Ngahere
35°36′27″S 173°31′43″E / 35.6075°S 173.52861111111°E / -35.6075; 173.52861111111

Maorinamnet tyder 'Far til skogen'. Sjølv om treet ikkje er så stort og høgt som naboen, Tāne Mahuta, er Te Matua Ngahere mykje kraftigare, med ein omkrins på stammen på meir enn 16 meter. Ein har ingen sikre tal på kor gammalt treet er, men det er estimert til å vera omkring 2000 år. Treet er ein rest av den gamle subtropiske regnskogen som ein gong voks på halvøya North Auckland Peninsula

Stammen til Te Matua Ngahere samanlikna med ein person.
Toppen til Te Matua Ngahere etter uvêret i 2007.

Treet har følgjande mål:[1]

Omkrins til stammen 16,41 m
Høgda til stammen 10,21 m
Total høgde (før skade) 29,9 m
Volumet til stammen 208,1 m³

Dette storslagne eksemplaret i den nasjonale floraen fekk store skader i toppen i juli 2007, under ekstreme vinterstormar i Northland. [2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Dept. of Conservation document (frå Miløverndepartementet.)
  2. Storm takes heart of forest king Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine., New Zealand Herald, 13. juli 2007