Waitaki District

Waitaki District er eit distrikt som ligg i regionane Canterbury og OtagoSørøyaNew Zealand. Det ligg på båe sider av den tradisjonelle grensa mellom dei to regionane, Waitaki-elva. Landarealet er 7 151,94 km², 59,28 % ligg i Canterbury, og 40,72 % i Otago. Det er det einaste distriktet på Sørøya som er delt mellom to regionar. Landbruk er den viktigaste næringsvegen i distriktet, som omfattar det vide, vifteforma elveutløpet, og strekkjer seg innover i landet langs elvebreiddene, sli at det dannar grovt sett eit trekanta område. Folketalet er 22 308.[1] Oamaru (som ligg i Otago) er den største byen i distriktet.

Waitaki District
distrikt
WaitakiDC.jpg
Waitaki District Council-bygningen i Thames Street i Oamaru.
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Kart
Waitaki District
44°55′34″ S 170°38′6″ E
Wikimedia Commons: Waitaki District

Waitaki District vart danna ved ei samanslåing av det tidlegare Waitaki County og Oamaru Borough i 1989. Det vert styrt av Waitaki District Council med administrasjonssenter i Oamaru.

Distriktet er heller spreidd busett, men har ei rekkje gardsbruk. I den seinare tida (sist på 2000-talet) har det kome fleire framlegg om nye driftsformer for jordbruket, noko som har fått dei lokale innbyggjarane til å ottast at jordbruket vil verta endra frå ofte familiedrivne gardar til store landbruksselskap, og at dette kan føra til auka lokal økologisk skade og føra kapital ut av landet[2]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra