Walney Channel er eit smalt område med grunt tidvatn i Irskesjøen mellom øya Walney Island og Barrow-in-Furness på det britiske fastlandet. Han dannar fronten på Furnesshalvøya. Kanalen er om lag 15 km lang.[1]

Utsyn over Walney Channel frå Walney Island mot Barrow-in-Furness.
Utsyn over sundet mot Barrow/Walney Island lufthamn frå Barrow.

Den sentrale delen av kanalen vert tørrlagd ved fjøre sjø, og det går ein gangveg over kanelen her.[2] Walney Bridge, opna i 1908, går over den sentrale delen av sundet. Dette området vart utvikla på 1800-talet då Barrow skipsverft voks fram. Det var då, og framleis er, naudsynt og mudre opp den sørlege delen av kanalen.[3]

Den sørlege delen av kanalen munnar ut i Morecambe Bay mot Rampside og Roa Island. I kanalen ligg Piel Island og Sheep Island, sistnemnde er dominert av Piel Castle. Området mellom desse to øyane vert tørrlagt ved fjøre sjø.

Kjelder endre

  1. Landmarine.com, arkivert frå originalen 13. juli 2011, henta 11. januar 2010 
  2. WALNEY ISLAND CHANNEL Arkivert 2008-10-22 ved Wayback Machine. Walneyisland.com;
  3. Dredger returns to Walney Channel DredgingNews; 07-05-09;

54°06′32″N 3°14′38″W / 54.109°N 3.244°W / 54.109; -3.244