Koordinatar: 54°4′N 3°10′W

Luftfoto av Piel Island.

Piel Island er ei øy som ligg 1 km utanfor sørenden av Furnesshalvøya i Cumbria i England. Ho er ei av Furnessøyane nord i Englnad og er kjend for Piel Castle som ligg her.

Øya er eigd av innbyggjarane i Barrow-in-Furness, som ligg på fastlandet på andre sida av Pielsundet. Piel har eit areal på kring 20 hektar. Normalt er dei einaste innbyggjarane på øya verten på Ship Inn og familien hans.

HistorieEndra

 
Piel Castle

I mellomalderen vart Piel kalla Fowdray (eller Fouldrey). Dette namnet kom av det norrøne fouder, som tyder «fôr» og ay eller oy som tyder øy. I 1127 gav kong Stefan øya til munkane frå Savignac for at dei skulle bygge eit kloster. Då Savignac var tein del av cisterciensarordenen seinare på 1100-talet kom øya under det nærliggande Furness kloster. Tidleg på 1200-talet nytta cisterciensarane Piel som ein tilfluktsstad og bygde eit lager for oppbevaring av korn, vin og ull. Nokre av varene vart frakta til Irland. Munkane bygde festningsverk på øya, først eit tretårn med ei grøft og palisadar rundt, og så i 1327 bygde dei eit motte-and-bailey-fort. Denne strukturen var på denne tida den største i sitt slag i Nordvest-England. Ho vart truleg bygd som eit befesta lagerhus for å verne det mot sjørøvarar og andre tjuvar, men ser òg ut til å ha husa tollmennene i bukta, for det var omfattande smugling i området på denne tida, og klosteret var kjend for å ha vore involvert. I 1423 vart til og med abbeden i Furness skulda for å ha smugla ull ut av landet. Då klostera vart nedlagde i 1537 kom Piel Island og borga her inn under kongen. Festninga vart forsterka då den spanske armadaen herja, men frå den tid og fram til den engelske borgarkrigen skjedde det ikkje noko på øya. Under borgarkrigen var festninga ein skanse for parlamentarikarane.

Piel Island vart ein viktig handelsstasjon på 1700-talet og tollmennene oppheldt seg her permanent. På andre halvdel av 1700-talet utvikla det seg ein jernmalmhandel på Furnesshalvøya og dette var viktig for den lokale økonomien i området.

Piel Island vart etter kvart ein av eigedomane til hertugen av Buccleuch. Han gav ho til folket i Barrow-in-Furness i 1920 som eit minnesmerke over den første verdskrigen.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Piel Island