Opna hovudmenyen

Omar Hakim

amerikansk musikar

Omar Hakim (fødd 12. februar 1959) er ein amerikansk jazz-, jazzfusion- og poptrommeslagar, produsent, arrangør og låstkrivar.

Omar Hakim
OH 2012.jpg
Omar Hakim på Jazztage Görlitz 2012
Fødd12. februar 1959 (60 år)
FødestadNew York by
OpphavUSA
Aktiv1980 til i dag
SjangerJazz, jazzfusion, pop, funk, rock
Instrumenttrommer, perkusjon, vokal
Tilknytte artistarMiles Davis, Marcus Miller, Weather Report, Sting, Daft Punk, Michael Jackson, Madonna, Kate Bush
PlateselskapGRP Records
Verka somMusikar, produsent, arrangør, låtskrivar

Tidleg livEndra

Hakim studerte ved New York School of Music and Art og byrja karrieren sin i forskjellige pop- og soulgrupper. Faren hans, Hasan Hakim, hadde spelt trombone for Duke Ellington og Count Basie og dette inspirerte den yngre Hakim for rolla han kom til å spele i den kjende jazzfusiongruppa Weather Report.

KarriereEndra

Hakim var med i ein video med jazzvibrafonisten Mike Mainieri i 1980, og dette gav han høve til å spele med songaren Carly Simon. Hakim vart først kjend som medlem av Weather Report og så av Sting sitt Blue Turtles-band, og var med dei med i filmen Bring On the Night.

I 1984 spelte Hakim det meste av trommene på Dire Straits-albumet Brothers in Arms, då bandet meinte den tidlegare trommeslagaren Terry Williams ikkje hadde den rette stilen dei var ute etter, etter at dei fleste songane var spelte inn. Hakim spelte inn alle trommene på ny i løpet av to dagar og drog så vidare. Williams vart henta inn att i bandet for turneen.

På denne tida lærte Hakim seg òg å programmere trommemaskinar, som gjorde at han vart enno meir etterspurd som studiomusikar for pop, rock og R&B og han arbeidde mellom anna med Madonna. Samstundes fortsette han å spele jazzfusion i 1980- og 1990-åra, med mellom andre Miles Davis, David Sanborn, Roy Ayers, George Benson, Joe Sample, John Scofield, Lee Ritenour og Najee. I 1989 gav Hakim ut det første soloalbumet sitt, Rhythm Deep, som var ei blanding av jazz, R&B og pop, der han mellom anna òg song på songane sjølv. Hakim vart nominert til ein Grammy-pris for albumet.

I 1990-åra byrja Hakim å spele mykje elektronisk perkusjon. Han spelte mellom anna på album av Mariah Carey, Celine Dion og Jewel.

I 2000 gav Hakim ut det andre albumet sitt, The Groovesmith, som var produsert, spelt inn og miksa i heimestudioet hans, «The OH-Zone».

GjestmusikarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra