Wellsford er ein by nord på NordøyaNew Zealand. Byen er den nordlegaste større busetnaden i regionen Auckland, og ligg 75 kilometer nordvest for Auckland City.

Wellsford is located in New Zealand
Lokalisasjonen til Wellsford

Wellsford ligg nær ei avsmaling av halvøya North Auckland Peninsula som er danna av ein fjordarm i den naturlege hamna Kaipara Harbour på vestkysten, og som strekkjer seg om lag 20 kilometer inn i landet, og såleis ligg berre 15 kilometer frå Stillehavskysten i aust.

Sjølv om folketalet i byen berre var 1671 ved folketeljinga i 2006, er byen eit viktig regionalt senter i det han ligg ved kryssingspunktet til hovudvegane State Highway 1 og State Highway 16. Byen ligg nesten nøyaktig halvvegs mellom Auckland City og den nordlegaste byen Whangarei.