Kaipara Harbour er ei naturleg hamn som er danna av eit innløp frå Tasmanhavet nær byrjinga av halvøya North Auckland Peninsula på vestsida av NordøyaNew Zealand.

Kaipara Harbour i Northland
Kartkoordinatar: 36°25′S 174°13′E

Denne hamna er ei av dei største av dette slaget i verda. Det er ei svært grunn og brei hamn som dekkjer eit areal på 530 km2, og ho har meir enn 3200 km strandlinje. Ho strekkjer seg vel 60 kilometer frå nord til sør, og har om lag midt på eit fire km breitt innløp frå Tasmanhavet. Elva Wairoa River renn ut i den nordre enden av hamna. Fleire større armar strekkjer seg innover i halvøya nordaust i hamna, ein av dei endar nær byen Maungaturoto, berre ti km frå Stillehavskysten.

Sjølv om Kaipara offisielt vert kalla ei hamn, vert ho sjeldan nytta av skipsfarten, på grunn av farefulle tidvasstraumar og grunnar i innløpet. Derfor ligg det ingen større busetnader i strandområda her, men det ligg mange mindre langs kystlinja.

Administrativt ligg den sørlege delen av hamna i regionen Auckland, medan den nordlege ligg i Northland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre