Westland Tai Poutini nasjonalpark

Westland Tai Poutini National Park ligg ved vestkysten på SørøyaNew Zealand. Han vart oppretta i 1960, hundreåret etter den europeiske busetjinga i Westland District. Parken dekkjer eit areal på 1 175 km², og strekkjer seg frå dei høgaste tindane i Søralpane til ei oppriven og avsidesliggjande kystlinje.[1] Han grensar til Aoraki/Mount Cook National Park oppe i Søralpane.

Westland Tai Poutini nasjonalpark
nasjonalpark
Westland Tai Poutini National Park.jpg

Westland Tai Poutini National Park
43°22′0″ S 170°10′0″ E
Westland NP.svg
Wikimedia Commons: Westland Tai Poutini National Park

Inne i parken finst isbrear, innsjøar og tette tempererte regnskogar, så vel som leivningar etter gamle gullgravarbyar langs kysten. Breane Franz Josef og Fox Glacier er to populære turist mål i Westland Tai Poutini National Park. Parken tilbyr jakt på hjort, gemse og himalayatahr, og helikoptertransport fører jegerane til ulendte fjellområde. Den populære turstien Copland Track går oppetter langs elva frå brua over Karangarua River. I tillegg til fjell-landskapa som er synlege frå stien, er det varme kjelder ved Welcome Flat Hut.

I 2010 vart meir enn 4 400 ha lagt til parken. Dette bestod av fleire spreidde område ved parken, dei fleste aust for Okarito Lagoon.[2]

KjelderEndra

  1. «Westland Tai Poutini National Park». Department of Conservation. 
  2. «New additions to Westland National Park». New Zealand Government. 17. juni 2010. Henta 4. februar 2013. 

BakgrunnsstoffEndra