Aoraki/Mount Cook nasjonalpark
Aoraki/Mount Cook nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg på Sørøya på New Zealand, nær byen Twizel. Aoraki/Mount Cook, det høgaste fjellet på New Zealand, og busetnaden Aoraki/Mount Cook village ligg inne i parken. Området vart oppretta som ein nasjonalpark i oktober 1953, og er sett saman av område som vart verna så tidleg som i 1887 for å ta vare på det særeigne dyrelivet og vegetasjonen her.[1]
Aoraki/Mount Cook nasjonalpark | |||
park | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Canterbury | ||
Del av | Te Wahipounamu, Aoraki Mackenzie International Dark Sky Reserve | ||
Areal | 707 km² | ||
Aoraki/Mount Cook National Park 43°44′00″S 170°06′00″E / 43.7333°S 170.1°E | |||
Wikimedia Commons: Aoraki / Mount Cook National Park |
Geografi
endreParken omfattar eit område på 707 km². Isbrear dekkjer 40 % av arealet, mellom desse Tasmanbreen i hellingane til Aoraki/Mount Cook[1].
Alle dei 20 fjelltoppane på New Zealand som er over 3 000 meter, utanom Mount Aspiring/Tititea, ligg i parken. Mellom desse er det høgaste fjellet på New Zealand, Aoraki/Mount Cook, 3753 moh. Andre markante fjell er Tasman, Hicks, Sefton og Elie de Beaumont. Fjella i Søralpane er unge i geologisk forstand, mindre enn ti millionar år, og dei er stadig under oppbygging. Landhevinga i området der nasjonalparken ligg, er på fem til ti millimeter årleg. Det er rekna ut at det gjennom tidene har vore om lag 25 km landheving, men landhevinga har vorte motverka av erosjon.[2]
Parken grensar til Westland Tai Poutini nasjonalark på Søralpane. Til saman utgjer dei delar av Te Wahipounamu South Westland verdsarvstad, som er kjend for framståande naturverdiar.[1]
Flora og fauna
endreVegetasjonen i Aoraki/Mount Cook nasjonalpark består av over 400 planteslag, av desse er meir enn 100 innførte artar, som til dømes den fargerike hagelupinen, moreller og ulike bartre. Under normale tilhøve veks skogen opp til om kring 1300 moh., og tuveformande gras mellom 1300 og 1900 moh. På dei høgaste klippene i Aoraki/Mount Cook er det funne kring 14 artar lav.[3] Det meste av parken ligg over skoggrensa, slik at voksterlivet består hovudsakleg av alpine plantar som til dømes Mount Cook-lilje (Ranunculus lyallii), den største soleieblomen i verda, store, alpine tusenfryd og grasslaget Aciphylla colensoi.[1]
Der er om lag 35[4] til 40 fugleartar i parken, mellom desse kea, den einaste alpine papegøyen, og den godt kamuflerte australpiplerka. Keafuglen finst no berre i Søralpane. Små insektetarar som tïtitipounamu (skogklatresmett) og pïwakawaka (viftestjertar) held til i småskog og buskar, saman med eit mindre tal med to større fuglar, duer og nattsvermarugle. Innførte artar som finkar og sporvar held til i krattlandskapet. Den vesle fjellklatresmetten, ei trua art, er den einaste med permanent tilhaldsstad i høgfjellet.[4] Svartstylteløparen, eller Kakī, den sjeldnaste vadefuglen i verda, held til langs elvebreiddene til Tasmanelva.[1]
Parken er òg tilhaldsstad for mange virvellause dyr. Mellom desse er store augestikkarar, sirissar, grashopper, 223 dokumenterte artar av møll og sju endemiske sommarfuglar.[5] Ein svart alpin wētā, også kjend som Mount Cook-fluga, lever over snøgrensa. Den sjeldne gekkoen Naultinus gemmeus (engelsk jewelled gecko) held til i parken, men er sjeldan å sjå.[1] Innført gemse og himalayatahr kan jaktast på.[6]
Rekreasjon
endreParken er populær for fotturisme, skisport, jakt og fjellklatring. Miljøverndepartementet, Department of Conservation, administrerer aktivitetane i parken.
Sjå òg
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Aoraki/Mount Cook National Park». Department of Conservation. Henta 30. januar 2013.
- ↑ «Aoraki/Mount Cook Education Resource» (PDF). Department of Conservation. 2009. s. 7. Henta 30. januar 2013.
- ↑ «Aoraki/Mount Cook Education Resource» (PDF). Department of Conservation. 2009. s. 17. Henta 30. januar 2013.
- ↑ 4,0 4,1 «Aoraki/Mount Cook Education Resource» (PDF). Department of Conservation. 2009. s. 18. Henta 14. juli 2010.
- ↑ «Aoraki/Mount Cook Education Resource» (PDF). Department of Conservation. 2009. s. 19. Henta 30. januar 2013.
- ↑ «Aoraki/Mount Cook - hunting». Department of Conservation. Henta 30. januar 2013.