Wet Willie er eit USA-amerikansk band frå Mobile i Alabama. Den mest kjende songen deira, «Keep On Smilin'», nådde tiandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i august 1974. Dei hadde fleire andre songar på hitlista i 1970-åra, og vart ofte rekna som southern rock.

Wet Willie
OpphavMobile, Alabama i USA
AktivSidan 1970
SjangerSouthern rock
Plateselskap
Tidlegare medlemmer*Lewis Ross
  • Ricky Hirsch
  • John David Anthony
  • Wick Larsen
  • Ella Brown Avery
  • Elkie Brooks
  • Leslie Hawkins
  • Mike Duke
  • Marshall Smith
  • Larry Berwald

Historie

endre

Trommeslagaren Lewis Ross sette saman ei gruppe kalla Fox sommaren 1969 og etter dei flytta frå Mobile i Alabama til Macon i Georgia, der Capricorn Records held til, vart gruppa til Wet Willie.[1] Bandet vart kjend med ein stil innan southern rock frå 1971 til 1978 og gav ut fleire album og singlar, og ein av singlane nådde topp 10 på singellista i USA.[2] Dei vart først kjend for konsertpublikum som oppvarming for Allman Brothers Band i 1971 og er framleis aktive i dag. Når Jimmy Hall er med bandet kallar dei seg Wet Willie, elles har dei kalla seg The Wet Willie Band.

Bandmedlemmar

endre

Kjernen i bandet har vore Jimmy Hallvokal, munnspel og saksofon, broren hans Jack Hall på bass, John David Anthony på klaverinstrument, Ricky Hirsch på gitar og Lewis Ross på trommer og og perkusjon. Wick Larsen kom inn som andregitarist ei kort stund i perioden kring albumet Wet Willie II. Ein viktig del av lydbiletet til Wet Willie var dei to kvinnene som song korvokal, kalla «The Williettes». Dette var systera til Jimmy og Jack, Donna Hall og Ella Brown Avery. Ein kort periode i 1974 var òg den britiske songaren Elkie Brooks med i bandet som korsongar, og det same var den framtidige Honkette-medlemmet Leslie Hawkins. Michael Duke spelte for første gongen med bandet på albumet Dixie Rock og la til klaverinstrument og vokal. Det vart mange endringar i besetninga fram til 1978 då dei fekk ny kontrakt med Epic Records. Besetninga bestod då av Jimmy og Jack Hall, Mike Duke, trommeslagaren T.K. Lively og gitaristane Marshall Smith og Larry Berwald fram til tidleg i 1980-åra. Etter ein kort pause kom bandet saman att tidleg i 1990-åra med syskena Jimmy, Jack og Donna Hall og den originale klaverspelaren John David Anthony, trommeslagaren T.K. Lively og dei mangeårige medlemmane Ric Seymour og Ricky Chancey.

Innspelingar

endre

Wet Willie gav ut fleire album på Capricorn Records mellom 1971 og 1977. I tillegg til eit «Greatest Hits»-album på Polydor Records, gav dei òg ut to album til for Epic Records, i tillegg til fleire samleplater og nokre konsertalbum i seinare år. Det kanskje mest kjende albumet deira er konertalbumet Drippin' Wet frå 1973, medan den mest kjende songen deira er hitsingelen «Keep On Smilin'», som nådde topp 10 på Billboard-lista. Songane «Country Side of Life», «Everything That 'Cha Do (Will Come Back to You)», «Leona», «Street Corner Serenade» og «Weekend» gjekk òg inn på Billboard-lista.

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
Tittel Detaljar USA AUS[3]
Wet Willie
  • Utgjeving: 1971
  • Selskap: Capricorn
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
Wet Willie II
  • Utgjeving: 1972
  • Selskap: Capricorn
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
Keep On Smilin'
  • Utgjeving: 1974
  • Selskap: Capricorn
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
41
Dixie Rock
  • Utgjeving: 1975
  • Selskap: Capricorn
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
114
The Wetter The Better
  • Utgjeving: 1976
  • Selskap: Capricorn
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
133
Manorisms
  • Utgjeving: 14. november 1977
  • Selskap: Epic
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
118 93
Which One's Willie?
  • Utgjeving: 1979
  • Selskap: Epic
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
172
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Konsertalbum

endre
Tittel Detaljar USA
Drippin' Wet
  • Utgjeving: 1973
  • Selskap: Capricorn
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
189
Left Coast Live
  • Utgjeving: 1977
  • Selskap: Capricorn
  • Format: LP, kassett, 8-spors lydband
191
Miles of Smiles
  • Utgjeving: 2012
  • Selskap: Hittin' the Note Records
  • Format: CD

Kjelde: Allmusic.com[4]

Singlar

endre
År Singel US Hot 100 AUS[3]
1971 «Rock & Roll Band»
1972 «Shout Bamalama»
1974 «Keep On Smilin'» 10
«Country Side of Life» 66
1975 «Leona» 69
«Dixie Rock» 96
1976 «Ring You Up»
«Baby Fat»
«Everything That 'cha Do» 66
1977 «Street Corner Serenade» 30 41
1978 «Make You Feel Love Again» 45
1979 «Weekend» 29
«Ramona»

Kjelder

endre
  1. «The Official Wet Willie Page». Ktb.net. Henta 18. desember 2020. 
  2. Eder, Bruce. «Wet Willie - Biography». AllMusic. Henta 18. desember 2020. 
  3. 3,0 3,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 335. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. «Wet Willie - Discography». AllMusic. Henta 18. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff

endre