Wexford Harbour (engelsk) eller Loch Garman (irsk) er ein fjord som går frå munningen av elva Slaney søraust på Irland ut mot Irskesjøen. Området kan òg omtalast som eit estuar for Slaney. Wexford Harbour dannar ei naturleg hamn som har gjeve området det engelske namnet. Fjorden ligg i County Wexford i Irland, byen Wexford ligg inst i fjorden ved elvemunningen.

Wexford Harbour
Land  Irland
Kart
Wexford Harbour
52°20′00″N 6°24′00″W / 52.333333333333°N 6.4°W / 52.333333333333; -6.4

Fjorden var opphavleg omtrent halvanna mil brei, med store mudderflater på begge sidene. På 1800-talet bleo det bygd dike og eit pumpesystem for å drenera mudderflatene, og dette gav gode jordbruksområde under havnivå, liknande det ein finn i Nederland.

Storleiken på den naturlege hamna vart ved dette kraftig redusert. Problemet med oppsamling av silt frå elva i nye og ustabile sandbankar auka, og Wexford Harbour er ikkje lenger eigna som hamn for større skip.

Kjelder endre