What Child Is This?
«What Child Is This?» er ein julesong med tekst av William Chatterton Dix i 1865. På den tida arbeidde Dix som ein bestyrar i eit forsikringsselskap og var vorten sjuk. Medan han vart betre «såg han lyset» og byrja å skrive fleire salmar, mellom anna denne teksten som vart tonesett med melodien til «Greensleeves», ei tradisjonell engelsk folkevise. Sjølv om han vart skriven i England er han meir populær i USA enn i heimlandet i dag.[1]
«What Child Is This?» | |
'Tilbedinga til hyrdane' av Gerard van Honthorst | |
Musikk av | ukjend |
---|---|
Tekst av | William Chatterton Dix |
Publisert | 1871 |
Skriven | 1865 |
Tekst
endreKomposisjon
endreTeksten er henta frå eit dikt skriven av Dix som «The Manger Throne».[1][2] Delen av diktet som vart nytta til songteksten består av i alt tre vers.[1] Det første verset stiller eit retorisk spørsmål i første halvdel, medan svaret kjem i andre halvdelen. Det andre verset inneheld eit anna spørsmål som vart besvart, medan det siste verset er ein generell appell til alle om å «ta imot Kristus».[3] Melodien er blitt skildra som «sjelfull»,[1] «stemningsskapande og vakker».[4]
Historie
endreSjølv om han vart skriven i 1865, vart «What Child Is This?» først publisert i 1871, då han var med i Christmas Carols Old and New, ei «prestisjefyllt»[5] og «viktig»[6] samling med julesongar som kom ut i Storbritannia.[5] Salmen vart redigert av Henry Ramsden Bramley og John Stainer, men ein er ikkje sikker på kven som sette dei tre versa frå «The Manger Throne» i lag med musikken av «Greensleeves». Den tredje utgåva av The Christmas Encyclopedia av William D. Crump og Stories of the Great Christmas Carols føreslår begge at det var Stainer.[1][3]
Innspelingar
endre- Johnny Mathis (Merry Christmas, 1958)
- The Brothers Four (1961)
- Al Martino (1964)
- Ray Conniff (Here We Come A-Caroling, 1965)
- Vince Guaraldi (A Charlie Brown Christmas, 1965)
- Joan Baez (Noël, 1966)
- The Lettermen (1966)
- Tony Bennett (1968)
- John Fahey (The New Possibility - John Fahey's Christmas Album Vols. I and II, 1968)
- Ed Ames (1970)
- Andy Williams (Christmas Present, 1974)
- The Lettermen (It Feels Like Christmas 'The Lettermen' album, 1987)
- Mannheim Steamroller (A Fresh Aire Christmas, 1988)
- Vanessa Williams (A Very Special Christmas 2, 1992)
- Glenn Medeiros (The Glenn Medeiros Christmas Album, 1993)
- Kenny G (Miracles: The Holiday Album, 1994)
- Oscar Peterson (An Oscar Peterson Christmas, 1995)
- Dave Brubeck (A Dave Brubeck Christmas, 1996)
- Charlotte Church (Dream a Dream, 2000)
- Terry McDade og The McDades (Midwinter, 2001)
- Mars Lasar (Christmas From Mars, 2001)
- Kelly Price (One Family: A Christmas Album, 2001)
- Vikki Carr (The Vikki Carr Christmas Album, 2001)
- Plus One (Christmas, 2002)
- MercyMe (WOW Christmas: Red, 2002)
- Jessica Simpson (ReJoyce: The Christmas Album, 2004)
- Jill Johnson (The Christmas in You, 2005)[7]
- Kevin Max (Holy Night, 2005)
- Third Day (Christmas Offerings, 2006)
- Josh Groban (Noël, 2007)
- Midnight (All Souls Midnight, 2008)
- Rob Halford (Halford III: Winter Songs, 2009)
- Tori Amos (Midwinter Graces, 2009)
- Andrea Bocelli & Mary J. Blige (My Christmas, 2009)
- Liz Madden (Christmas Celebration, 2010)
- Jackie Evancho (Heavenly Christmas, 2011)
- Michael Aranda med Emma Rowley og Eddplant (2011)
- Rod Stewart (Merry Christmas, Baby [Deluxe Edition], 2012)
- Lindsey Stirling (2012)
- Will Turpin (2012)
- Richard Marx (Christmas Spirit, 2012)
- Celtic Woman (Home for Christmas, 2012)
- Sidewalk Prophets (Merry Christmas to You, 2013)
- Libera - Angels Sing - Christmas in Ireland (2013)
- The World Is a Beautiful Place & I Am No Longer Afraid to Die (AV Club Holiday Undercover Series, 2013)
- Bad Religion (Christmas Songs, 2013)[8]
- Liz Madden (Hear Your Voice, 2014)
- Dustin Kensrue, under The Modern Post (Lowborn King, 2014)
- Mark Kozelek, (Sings Christmas Carols, 2014)
- Lauren Daigle (Behold: A Christmas Collection, 2016)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «What Child Is This?» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Stories of the Great Christmas Carols. Alfred Music Publishing. s. 47–48.
- ↑ Reynolds, Virginia (1. juni 2000). Spirit of Christmas: A History of Our Best-Loved Carols. Peter Pauper Press, Inc. s. 51.
- ↑ 3,0 3,1 Crump, William D. (15. september 2001). The Christmas Encyclopedia, 3d ed. McFarland. s. 437–438.
- ↑ Liebergen, Patrick M. (red.). Singer's Library of Song: Medium Voice. Alfred Music Publishing. s. 164.
- ↑ 5,0 5,1 Flanagan, Mike (19. desember 1986). «The origins of Christmas Songs». Ottawa Citizen. s. H1. Henta 26. desember 2013.
- ↑ Oldfield, Molly; Mitchinson, John (24. desember 2013). «QI: some quite interesting facts about Christmas carols». The Daily Telegraph. Henta 26. desember 2013.
- ↑ «The Christmas in You» (på svensk). Svensk mediedatabas. 2005. Henta 9. september 2014.
- ↑ «Bad Religion: Christmas Songs: Music». Amazon.com. Henta 5. januar 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Grtis notar til «What Child Is This?» for SATB frå Cantorion.org
- What Child Is This? Arkivert 2012-04-07 ved Wayback Machine. på TradTune.com
- What Child is This? av Thomas Hewitt Jones på OUP