«What Love Is»
Song av Uku Suviste
Land Estland
Språk Engelsk
Utgjeve 3. desember 2019
Sjanger Pop, kraftballade
Lengd 03:00
Selskap DTC Music
Komponist Uku Suviste
Låtskrivar(ar) Uku Suviste, Sharon Vaughn
Produsent Dimitris Kontopoulos

«What Love Is» er ein popballade frå 2019 med den estiske songaren Uku Suviste. Han har skrive songen saman med Sharon Vaughn. Songen vart utgjeven 3. desember 2019 og vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2020.[1][2] Med sigeren vart «What Love Is» det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3]

Om songen endre

«What Love Is» var eit av 24 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2020, arrangert av kringkastaren ERR.[4] «What Love Is» kvalifiserte seg frå semifinalen 15. februar og deltok deretter i finalen 29. februar 2020 i Saku Suurhall i Tallinn.[5] «What Love Is» vann finalen og vart dimed det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.

Eurovision Song Contest endre

I januar 2020 vart Estland trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2020.[6] Semifinalen skulle ha vore arrangert i Ahoy Rotterdam i Nederland torsdag 14. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7] Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Kjelder endre

  1. «‎What Love Is - Single by Uku Suviste» (på engelsk). Henta 1. mars 2020. 
  2. «Uku Suviste will sing for Estonia at Eurovision 2020». wiwibloggs (på engelsk). 29. februar 2020. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. «Estonia: ERR releases competing songs of Eesti Laul 2020» (på engelsk). 30. november 2019. Henta 1. mars 2020. 
  5. «Eesti Laul 2020: Jaagup Tuisk, INGER, Uku Suviste and Traffic among second semi-final qualifiers» (på engelsk). 15. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  6. «Uku Suviste wins Estonia’s national selection 'Eesti Laul'». eurovision.tv. 29. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.