When You Walk in the Room

When You Walk in the Room
Singel av Jackie DeShannon
frå albumet Breakin' It Up on The Beatles Tour!
A-side

«Till You Say You'll Be Mine»

Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1963
Sjanger pop
Lengd 2:35
Selskap Liberty 55645
Låtskrivar(ar) Jackie DeShannon
Produsent Dick Glasser
Jackie DeShannon-kronologi 
«Little Yellow Roses»
(1963)
When You Walk in the Room «Oh Boy»
(1964)


«When You Walk in the Room» er ein song skriven og spelt inn av Jackie DeShannon, og først gjeven ut i 1963. Songen er sidan blitt spelt av mange andre artistar.

Originalversjonen til DeShannon kom ut på singel 23. november 1963[1] som B-sida til «Till You Say You'll Be Mine». Han vart seinare gjeven ut at på ny som A-side i september 1964 og sidan på albumet Breakin' It Up on the Beatles Tour. Singelen nådde 99. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[2]

The Searchers-versjonen endre

When You Walk in the Room
Singel av The Searchers
B-side

«I'll Be Missing You»

Språk engelsk
Utgjeve September 1964
Januar 1988 (nyutgjeving)
Sjanger Merseybeat, poprock
Lengd 2:22
Selskap
Låtskrivar(ar) Jackie DeShannon
The Searchers-kronologi 
«Someday We're Gonna Love Again»
(1964)
When You Walk in the Room «What Have They Done to the Rain»
(1964)


Songen vart spelt inn av The Searchers i 1964. Denne versjonen vart ein internasjonal hit og nådde 35. plassen i USA og tredjeplassen i Storbritannia.

Ein tyskspråkleg versjon sungen av The Searchers heiter «Wenn ich dich seh»[3]

Ein annan tidleg hit for Jackie DeShannon, «Needles and Pins», vart òg spelt inn av The Searchers.

The Sports version endre

When You Walk in the Room
Singel av The Sports
frå albumet 'Reckless'
B-side

«True Stories»/«Taxi Rank»

Språk engelsk
Utgjeve Juli 1978
Studio Armstrong Studios, Melbourne
Sjanger Poprock
Lengd 2:32
Selskap Mushroom Records
Låtskrivar(ar) Jackie DeShannon
Produsent Joe Camilleri
The Sports-kronologi 
«Boys! (What Did the Detective Say?)»
(1978)
When You Walk in the Room «Who Listens to the Radio»
(1978)


Det australske rockebandet The Sports gav ut ein versjon som den andre singelen sin frå debutalbumet Reckless. Songen nådde 42. plassen på den australske Kent Music Report.[4]

Innhald endre

  • Side A «When You Walk in the Room» - 2:32
  • Side B1 «True Stories» - 2:34
  • Side B2 «Taxi Rank» - 2:25

Salslister endre

Liste (1978) Plassering
Australske Kent Music Report 42

Andre versjonar endre

Stephanie Winslow er ein amerikansk countryartist som gav ut ein versjon av songen. Denne nådde 29. plassen på den amerikanske countrylista. Paul Carrack sin versjon frå 1987 kom ut på albumet One Good Reason og nådde 90. plassen på den amerikanske hitlista[5] og 48. plassen i Storbritannia.[6] I 1994 spelte countryartisten Pam Tillis inn ein versjon på albumet hennar Sweetheart's Dance. Tillis-versjonen kom òg på singel og nådde då andreplassen på den amerikanske Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista. Det vart laga ein musikkvideo til songen med Dick Clark, der Tillis syng songen i 60-talsshowet American Bandstand. «When You Walk in the Room» var den andre singelen til Agnetha Fältskog frå albumet My Colouring Book i 2004. Singelen nådde 11. plassen i Sverige og 34. plassen i Storbritannia.

Kjelder endre