When the Lights Are Out

When the Lights Are Out
Singel av Slade
frå albumet Old New Borrowed and Blue
B-side

How Can It Be

Utgjeve Mai 1974[1]
Sjanger Rock
Lengd 3:05
Selskap Warner Bros. Records
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«Everyday»
(1974)
When the Lights Are Out «The Bangin' Man»
(1974)


«When the Lights Are Out» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1974 som den fjerde og siste singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Old New Borrowed and Blue (kjend som Stomp Your Hands, Clap Your Feet i Amerika). Singelen kom ut i Amerika og Belgia. Songen vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler.

Singelen selde ikkje godt nok til å gå inn på noko singelliste.[2]

«When the Lights Are Out» var den første Slade-songen med Jim Lea på solovokal og Noddy Holder song berre på refrenget.[3] B-sida til singelen var «How Can It Be», som òg kom ut på Old New Borrowed and Blue.

Innhald endre

7"-singel
  1. «When the Lights Are Out» - 3:05
  2. «How Can It Be» - 3:01
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «When the Lights Are Out» - 3:05
  2. «When the Lights Are Out» - 3:05

Andre versjonar endre

  • I 1978 spelte den amerikanske songaren Bob Segarini inn ein versjon av songen for albumet hans Gotta Have Pop.[4] Han vart òg utgjeven som singel i Canada i november same år.[5]
  • I 1979 spelte Jim Lea inn sin eigen versjon av songen med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Han vart utgjeven på singel av Cheapskate Records i desember 1979,[6] lagt til spelelista til Radio One og vart Paul Burnett si «singel for veka». Likevel lei singelen av distribusjonsproblem, og då han hadde vorte gjeven ut på nytt på Pye Records i januar 1980, var han ikkje lenger på radio og songen nådde ikkje singellista.[7][8] Pye gav òg ut singelen i Tyskland i april 1980.[9] Versjonen vart inkludert på albumet A Day in the Life of the Dummies frå 1992, som samla innspelingane til The Dummies.[10]
  • I 2009 inkluderte det amerikanske rockebandet Cheap Trick ein versjon på det sekstande studioalbuma deira The Latest, der han var hovudsingelen. Han hadde vorte spelt inn i 1976, men vart ikkje utgjeven då. Medan han spelte inn nytt materiale, insisterte produsenten Julian Raymond på at songen skulle bli inkludert på albumet. I eit intervju den gongen sa han: «Eg kunne ikkje tru at han ikkje vart utgjeven i 76 då bandet gjorde han. Eg insisterte på at dei sette han på plata akkurat som han var.»[11][12][13]

Medverkande endre

Slade
Andre medverkande

Kjelder endre

  1. «Slade - When The Lights Are Out / How Can It Be - Warner Bros. - USA - WB 7808». 45cat. Henta 10. oktober 2021. 
  2. «Slade - When The Lights Are Out / How Can It Be - Warner Bros. - Belgium - WB 7808». 45cat. Henta 10. oktober 2021. 
  3. CD-heftet til Old New Borrowed and Blue - 2006 Salvo
  4. «Segarini* - Gotta Have Pop at Discogs». Discogs.com. Henta 10. oktober 2021. 
  5. «Segarini - When The Lights Are Out / Dressed In The Dark - Bomb - Canada - B 5015». 45cat. 30. mars 2013. Henta 10. oktober 2021. 
  6. Slade News - Issue 6 - November–Desember 1979
  7. Slade Fan Club newsletter - Frank Lea interview - July–August 1980
  8. «The Dummies - When The Lights Are Out / She's The Only Woman - Pye - UK - 7P 163». 45cat. Henta 10. oktober 2021. 
  9. «The Dummies - When The Lights Are Out / She's The Only Woman - Pye - Tyskland - 101 518». 45cat. Henta 10. oktober 2021. 
  10. «The Dummies (3) - a day in the life of The Dummies (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 12. juli 2017. 
  11. AllMusic Review by Stephen Thomas Erlewine (21. juli 2009). «The Latest - Cheap Trick | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 10. oktober 2021. 
  12. «Cheap Thrills». The New Yorker. Henta 10. oktober 2021. 
  13. «Cheap Trick: The Latest…». Shakenstir. Arkivert frå originalen 4. oktober 2017. Henta 10. oktober 2021.