Old, New, Borrowed and Blue

(Omdirigert frå Old New Borrowed and Blue)
Old New Borrowed and Blue
Studioalbum av Slade
Språk engelsk
Utgjeve 15. februar 1974
Innspelt seint 1973
Sjanger Glamrock
Lengd 37:32
Selskap Polydor (UK/Canada), Warner Bros. (USA)
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
Sladest
(1973)
Old New Borrowed and Blue Slade in Flame
(1974)


Singlar frå Old New Borrowed and Blue
  1. «My Friend Stan»
    Utgjeve: 28. september 1973
  2. «Good Time Gals (berre Amerika)»
    Utgjeve: Februar 1974
  3. «Everyday»
    Utgjeve: 29. mars 1974
  4. «When the Lights Are Out (Amerika og Belgia)»
    Utgjeve: May 1974

Old New Borrowed and Blue er det fjerde studioalbumet til den britiske rockegruppa Slade. Det kom ut 15. februar 1974 og gjekk til topps på UK Albums Chart. Albumet selde til gullplate i Storbritannia. Produsenten på innspelinga var Chas Chandler. For albumet prøvde Slade å gå bort frå den vanlege rockeformelen sin. Til dømes var singlane «My Friend Stan» og «Everyday» pianodominerte og hadde ikkje den typiske «Slade»-stilen.

I USA vart albumet gjeve ut på Warner Bros. under tittelen Stomp Your Hands, Clap Your Feet, og kom utan spora «My Town» og «My Friend Stan» (som tidlegare var gjeven ut på samlealbumet Sladest i USA).

Bakgrunn

endre

Old New Borrowed and Blue vart spelt inn blant forskjellige turné- og salsfremmande aktivitetar i slutten av 1973, og òg medan trommeslagaren Don Powell kom seg att etter å ha vore involvert i ei nesten dødeleg bilulykke i juli, noko som ei kort stund bandet vurderte framtida si. Trass i den kritiske tilstanden hans, var Powell i stand til å komma seg og bandet gjekk snart inn i studioet for å spela inn materiale til det nye albumet. Under innspelinga av «My Friend Stan» gjekk Powell framleis ved hjelp av ei krykkje og måtte løftast opp på trommestolen. På albumet freista bandet å fortsetja den vanlege formelen sin på nokre spor, medan andre tok ei endring i musikalsk retning.[1] Tittelen til albumet, som forklart av Holder, kom frå innhaldet i albumet, som bandet følte hadde ei blanding av gamle, nye, lånte og blå songar.[2]

«My Friend Stan» vart gjeven ut som den første singelen til albumet i september 1973 og nådde andreplassen på singellista i Storbritannia. Utover jula 1973 oppnådde bandet òg ein førsteplass med «Merry Xmas Everybody». Old New Borrowed and Blue kom ut i februar 1974 og gjekk til topps i Storbritannia. I Storbritannia vart Old New Borrowed and Blue tildelt gullplate av BPI før utgjevinga, utelukkande basert på førehandssal.[3][4] På den tida hadde ein talsmann for Slade rapportert til Record Mirror: «Albumet har selt dobbelt så mange lydband og kassettar som dei tidlegare platene deira.»[5] I mars nådde andre singelen frå albumet «Everyday» tredjeplassen på den britiske singellista. I Amerika nådde Stomp Your Hands, Clap Your Feet 168. plassen på Billboard-lista. «Good Time Gals» vart gjeven ut som singel der i februar 1974. Seinare i mai vart «When the Lights Are Out» òg utgjeven i Amerika og Belgia. Ingen av singlane gjekk inn på Billboard-lista.[1]

Songar

endre
 
Slade dukka opp på det nederlandske TV -showet TopPop, ein månad etter utgjevinga av albumet.

«Just Want a Little Bit» er ein coverversjon av Rosco Gordon-songen frå 1959, som var ein mindre hit i 1964 for Liverpool-gruppa The Undertakers. Songen vart seinare spelt inn i 1977 av The Animals òg, der Slade-manageren og produsenten Chas Chandler var bassist.[6] På den tida var songen ofte spelt på konsertane til Slade.[7] «When the Lights Are Out» er det første sporet til bandet med Jim Lea på hovudvokal. I eit intervju frå 1974 for lesarane av «19», kommenterte Holder spøkande: «Det er ikkje noko som er som ein god songar og Jimmy er ikkje noko som ein god songar.»[8] Songen vart seinare covra av Bob Segarini i 1978[9] og den amerikansk rockegruppa Cheap Trick på albumet The Latest i 2009.[10] Lea spelte òg inn sin eigen versjon med broren Frank Lea under namnet The Dummies i 1979.[11] «My Town» dukka opphavleg opp som B-sida til «My Friend Stan».[12]

«Find Yourself a Rainbow» har honky-tonk piano som hovudinstrument, spelt av Tommy Burton. I eit fanklubbintervju frå 1974 uttalte Powell: «Pubpiano blir spelt av ein lokal huseigar, Tommy Burton. Han skuldar oss no gratis sprit resten av året.»[13][14] På innsida av det dobbeltfalsa plateomslaget inneheld songteksten eit ekstra vers som ikkje var på innspelinga til songen.[15] «Miles Out to Sea» var ein annan song som seinare vart spelt inn av The Dummies.[16] Av dei livlege spora «We're Really Gonna Raise the Roof» og «Do We Still Do It» uttalte AllMusic: «Slade-fans kan vera sikre på at desse gutane ikkje hadde mista viljen til å rocka ut.»[17]

«How Can It Be» er eit countryaktig spor med akustisk gitar.[7] «Don't Blame Me» dukka opphavleg opp som B-sida til «Merry Xmas Everybody».[18] I eit fanklubbintervju frå 1979 sa Lea om songen: «'Don't Blame Me' var ein tidsfyller, eg trur at han vart skapt slik. Då han vart brukt som ei B-side, visste me ikkje ein gong at han vart brukt. Han vart vald ut av kontoret.»[19]

Chandler hadde overtalt Lea til å fullføra «My Friend Stan» etter at han høyrde Lea spela melodien heime på pianoet sitt.[20] «Everyday» inneheld òg piano og vart gjeve ut som singel etter at Chandler insisterte på det. Jim Lea var heilt imot at det skulle vera ei A-side og krangela med Chandler på heile flyturen mellom Storbritannia og Australia.[21] Då han vart utgjeven visste bandet at dei tok ein risiko, men «Everyday» kom til å bli spelt fast på konsertane deira.[22] Songen inneheldt Lea på gitar sidan gitaristen Dave Hill var borte på bryllaupsreise på tidspunktet for innspelinga.[20] «Good Time Gals» vart òg gjeven ut som B-side til «Everyday».

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [23]
AllMusic (US edition)     [17]
BBC     [24]
Christgau's Record Guide (USA)B[25]
Record Collector     [24]

Ved utgivinga følte The Sun at albumet markerte byrjinga på at Slade vart eit «ekte albumband». Anmelderen kommenterte at songane «tøffa seg» og at albumet var «fagleg produsert».[26] Det amerikanske magasinet Cash Box skildra albumet som «nok ei kraftig samling av 'Toons'», med «rå kraft» som «den mest umiddelbare kjensla du føler frå LP-en».[27] På Disc Music Awards 1974 vart albumet kåra til det «tiande beste albumet av året».[28]

AllMusic uttalte at albumet såg «låtskrivingsinnsatsen» til Slade gå inn i «meir mjuke beite». I ei melding av Stomp Your Hands, Clap Your Feet sa AllMusic: «Full av rock and roll-varemerket til Slade held Stomp Your Hands, Clap Your Feet fram den stampande stilen til bandet. Det er litt utdatert, men rockar framleis hardt.» Bob Stanley frå The Times følte at albumet var «basert på dei tidlege albuma deira», og uttalte: «Dette er gledelege, uskakke og upretensiøse ting som minner deg om korleis dei rasla frå seg seks førsteplassar.» I 2010 vurderte Classic Rock albumet som «overlegent: sementerte ryet deira» og noterte blandinga av «vonde balladar» og «munnvatnande kommersielle, harde rockeperler».

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Noddy Holder og Jim Lea, utanom «Just Want a Little Bit» av John Thornton, Ralph Bass, Earl Washington, Piney Brown og Sylvester Thompson.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Just Want a Little Bit»4:00
2.«When the Lights Are Out»3:05
3.«My Town»3:06
4.«Find Yourself a Rainbow»2:11
5.«Miles Out to Sea»3:49
6.«We're Really Gonna Raise the Roof»3:09
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Do We Still Do It»3:01
8.«How Can It Be»3:01
9.«Don't Blame Me»2:32
10.«My Friend Stan»2:41
11.«Everyday»3:10
12.«Good Time Gals»3:33
Bonusspor på japansk utgåve frå 2006
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«The Bangin' Man» (singel utan album «The Bangin' Man»)Holder, Lea4:14
14.«She Did It To Me» (B-side til singelen «The Bangin' Man»)Holder, Lea3:18
Bonusspor på Salvo-utgåva frå 2006
Nr.TittelLengd
13.«I'm Mee I'm Now and That's Orl» (B-side til «Cum on Feel the Noize»)3:40
14.«Kill 'Em at the Hot Club Tonite» (B-side til «Skweeze Me, Pleeze Me»)3:20
15.«The Bangin' Man» (1974 singel utan album)4:11
16.«She Did It to Me» (B-side til «The Bangin' Man»)3:18
17.«Slade Talk to «19» Readers» (singelsida flexidisk)5:33

Salslister

endre
Liste (1974) Plassering
Australia (Kent Music Report)[29] 6
Den tyske albumlista[30] 20
New Zealand Album Charts Albums Chart 12
VG-lista[31] 3
UK Albums Chart[32] 1
U.S. Billboard 200[33] 168

Medverkande

endre
Slade
Andre medverkande
  • Tommy Burton — piano (spor 4)
Teknisk

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 CD-heftet til Old New Borrowed and Blue - 2006 Salvo
  2. Slade Talk To 19 Readers-intervju
  3. Slade Fan Club Newsletter January - Februar 1974
  4. [1]
  5. Record Mirror magazine 9. mars 1974
  6. «Andre versjonar of Just a Little Bit by Tiny Topsy». SecondHandSongs. Henta 10. oktober 2021. 
  7. 7,0 7,1 Thompson, Dave. «Old New Borrowed and Blue - Slade». AllMusic. Henta 7. oktober 2021. 
  8. Slade Talk To «19» Readers - Spor 17 på Salvo remaster
  9. «Segarini* - Gotta Have Pop (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  10. «Cheap Trick - The Latest (Vinyl, LP) at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  11. «The Dummies - When The Lights Are Out / She's The Only Woman - Pye - UK - 7P 163». 45cat. Henta 7. oktober 2021. 
  12. «Slade - My Friend Stan at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  13. [2]
  14. Slade Fan Club Newsletter October - November 1973
  15. «Slade - Old New Borrowed And Blue at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  16. «The Dummies - Didn't You Use To Use To Be You? / Miles Out To Sea - Cheapskate - UK - CHEAP 3». 45cat. Henta 7. oktober 2021. 
  17. 17,0 17,1 Chrispell, James. «Stomp Your Hands, Clap Your Feet - Slade». AllMusic. Henta 7. oktober 2021. 
  18. «Slade - Merry Xmas Everybody at Discogs». Discogs. Henta 7. oktober 2021. 
  19. «SLADE @ www.slayed.co.uk». Crazeeworld.plus.com. Arkivert frå originalen 4. oktober 2021. Henta 7. oktober 2021. 
  20. 20,0 20,1 CD-heftet til Slade's Greatest Hits
  21. THE NOIZE - THE SLADE DISCOGRAPHY by Ian Edmundson and Chris Selby, Amazon 2019
  22. CD-heftet til Old New Borrowed and Blue
  23. AllMusic Review by Dave Thompson. «Old New Borrowed and Blue - Slade». AllMusic. Henta 5. oktober 2021. 
  24. 24,0 24,1 «Slade - Slayed (CD)». Union Square Music. Henta 7. oktober 2021. 
  25. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  26. «1974 Press Cuttings». Slade Scrapbook. Arkivert frå originalen 3. juli 2017. Henta 5. oktober 2021. 
  27. Cash Box magazine - Album Reviews - 23. februar 1974 - page 26
  28. [3] Arkivert 16. juli 2011 ved Wayback Machine.
  29. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  30. «charts.de». charts.de. Henta 7. oktober 2021. 
  31. Steffen Hung. «Slade - Old New Borrowed And Blue». norwegiancharts.com. Henta 7. oktober 2021. 
  32. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 5. oktober 2021. 
  33. «Slade». AllMusic. 25. juni 2002. Henta 7. oktober 2021.