Whiddy Island
Whiddy Island (irsk Oileán Faoide) er ei øy i Bantry Bay på Irland. Ho er om lag 5,5 km lang og 2,5 km brei. Så seint som i 1880 hadde øya om lag 450 innbyggjarar, hovudsakleg fiskarar og bønder. I dag bur det om lag 15 menneske på øya, men det kjem mange turistar her i turistsesongen.
Whiddy Island | |||
øy | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Areal | 4,169 km² | ||
Folketal | 20 | ||
Whiddy Island 51°41′22″N 9°30′01″W / 51.689411111111°N 9.5002972222222°W | |||
Wikimedia Commons: Whiddy Island |
Historie
endreDei siste månadane av den første verdskrigen låg det ein amerikanske sjøflybase på øya. Eit av flya styrta den 22. oktober 1918 og ein mann mista livet.
Seint i 1960-åra vart det bygd ein stor oljeterminal på øya av Gulf Oil. Måndag 8. januar 1979 låg den franske oljetankaren «Betelgeuse» til kai og lossa råolje då han eksploderte. Eksplosjonen og brannen som følgde tok livet av 50 menneske. Dette vert rekna som den største skipskatastrofen i irsk historie. Terminalen, som hadde vore i drift sidan 1969, vart aldri fullstendig reparert. Han vart overført til den irske regjeringa i 1986 og har sidan den gong vore nytta til å lagre irske, strategiske oljereservar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Whiddy Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 200.