Whitlockitt
Whitlockitt er eit trigonalt mineral som er nokså utbreidd i meteorittar og som er kjent frå månebergartar. Strukturundersøkingar viser at samansetjinga er Ca9MgH(PO4)7 og ikkje Ca3(PO4)2 som tidlegare trudd. Mineralet er kjent som eit sjeldant mineral frå apatittførekomstane ved Ødegården i Bamble.
Whitlockitt | |||
Eit døme på mineralet whitlockite på utstilling i Royal Ontario Museum. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fosfatmineral | ||
Kjemisk formel | Ca9(Mg,Fe++)(PO4)6(PO3OH) | ||
Strunz-klassifisering | 08.AC.45 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, grå-kvit, lyserosa, lysegul | ||
Krystallform | Romboedrisk krystallar, ofte tavleforma, massive, mikrokrystallinske skorper og som «grotteperler» | ||
Krystallsystem | Trigonal, 3m - ditrigonal pyramidal | ||
Kløyv | Ingen | ||
Brot | Sprø | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 5 | ||
Glans | glasaktig til harpiksaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Tettleik | 3.13 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.629 nε = 1.626 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.003 | ||
Andre eigenskapar | Piezoelektrisk og pyroelektrisk | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Det er kalla opp etter den amerikanske mineralogen H. P. Whitlock (1868–1948).
Kjelder
endre- Whitlockitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/whitlockitt.