Royal Ontario Museum
Royal Ontario Museum er eit museum for kunst, naturhistorie og verdskultur i Toronto i Ontario i Canada.[1] Det er eit av dei største musea i Nord-Amerika og er det mest besøkte museet i Canada med over ein million besøkande kvart år.[2]
Royal Ontario Museum | |||
| |||
Stad | Toronto | ||
---|---|---|---|
Skipa | 16. april 1912 | ||
Royal Ontario Museum 43°40′03″N 79°23′41″W / 43.66757222°N 79.39468333°W |
I samlingane finst det over 13 millionar gjenstandar. Utstillingsytene i museet er på 23 500 kvadratmeter.[3][1]
Bakgrunn
endreMuseet blei skipa i 1912 gjennom ei avgjerd i den lovgjevande forsamlinga i Ontario. Det blei innvigd 19. mars 1914 av generalguvernøren av Canada, prins Arthur, hertug av Connaught og Strathearn.[4][3] Fram till 1955 var det fem separate museum for arkeologi, geologi, mineralogi, paleontologi og zoologi under same tak, som så blei slått saman til ein institusjon.[3] Museet ligg i nærleiken av hovudcampusen til University of Toronto, og var fram til 1968 delvis ein del av lærestaden. Det blei så eit eige organ under provinsstyret i Ontario.[4]
I 2007 blei museet nyinnvigd av generalguvernør Michaëlle Jean med ein ny inngang, Michael Lee-Chin Crystal, teikna av Daniel Libeskind.[4]
Samlingar
endreRoyal Ontario Museum har over 13 millionar gjenstandar frå ei rekkje ulike emneområde.[4][1] Den naturhistoriske samlinga har milliontals gjenstandar.[5] Museet har mellom anna verdas største samling av fossil frå Burgesskifferen i British Columbia med oppimot 150 000 gjenstandar berre i denne samlinga.[4] Verdskultursamlinga har over ein million gjenstandar frå heile verda.[6]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «About the Museum». www.rom.on.ca (på engelsk). Royal Ontario Museum. Henta 11. mai 2022.
- ↑ «ROM Announces Record-Breaking 1.35 Million Visitors Annual Attendance». www.rom.on.ca (på engelsk). Royal Ontario Museum. 1. mai 2017. Henta 11. mai 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Royal Ontario Museum». www.thecanadianencyclopedia.ca (på engelsk). Canadian Encyclopedia. 20180322. Henta 20220511.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Our History». www.rom.on.ca (på engelsk). Royal Ontario Museum. Henta 11. mai 2022.
- ↑ «Collections: Natural History». www.rom.on.ca (på engelsk). Royal Ontario Museum. Henta 11. mai 2022.
- ↑ «Collections: Art and Culture». www.rom.on.ca (på engelsk). Royal Ontario Museum. Henta 11. mai 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Royal Ontario Museum» frå Wikipedia på svensk, den 19. april 2023.