Wikipedia-diskusjon:Omtale

Nynorsk Wikipedia på Nynorsk.no

endre

Start på bolk frå 11. mars 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 11:49 (UTC)

Då eg ikkje fann noko lenkje til Nynorsk Wikipedia på Nynorsk.no (av alle stadar) sende eg dei ei venlegsinna oppmoding om å lenkje til oss.

Dei kjende til prosjektet frå før, og var ikkje sikre på kvifor lenkja hadde falle ut av nettstaden, men no står vi der på heidersplass; øvst i lenkjelista på framsida! kurtber 11. mar 2005 kl. 0121 (UTC)

Godt jobba! :-) -- Olve 11. mar 2005 kl. 0224 (UTC)

Slutt på bolk frå 11. mars 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 11:49 (UTC)

Det viktigaste er eit allment nynorsk nettleksikon....

endre

Start på bolk frå perioden 18. april – 30. mai 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 11:49 (UTC)

Frå www.aasentunet.no: Eit nynorsk leksikon på internett er det viktigaste tiltaket for å styrke nynorsk skriftkultur fram til 2013

Hmmm... Er vi ein del av det prosjektet, eller skal dei finne opp meir krutt? Eg hugsar at det var nokon som hadde representert wikipedia på ei samling på Aasentunet..? Gjaldt det det her prosjektet? kurtber 18. apr 2005 kl. 2203 (UTC)

Nei, eg har ei kjensle av at dei helst er ute etter finansiering av «sitt eige» prosjekt... :] Trur kanskje vi bør på banen og leggje fram eit rimelegare anbod. -- Olve 18. apr 2005 kl. 2207 (UTC)
Det var eg som representerte oss. Einig med Olve. --Guttorm 19. apr 2005 kl. 1233 (UTC)
Dei veit godt om oss, fekk ein e-post ein gong om hovudsida som hadde vorte sabotert (og fiksa 20 min. seinare). --Guttorm 19. apr 2005 kl. 1233 (UTC)
Ein skulle tru me kjem til å vera ganske sterke i 2013 me òg dersom me fortset slik me gjer no! :) Bjarte 26. apr 2005 kl. 1033 (UTC)

Meir frå Aasentunet: Brei støtte til planane for nynorsk leksikon på Internett

Eg trur det "tradisjonelle" oppslagsverket, papir eller digitalt, allereide er på veg ut, og vil vera heilt utdatert i 2013. Endå verre vert det dersom Samlaget/Cappelen skal hava upphavsrett på alt materialet — um berre dei vilde dela det med oss (med 41 millionar frå staten er vel ikkje det eit urimelegt krav)!

Dei søkjer vel rett nok ikkje om meir enn 17 millionar frå Stortinget og skattepengane, men so kjem 2,5 millionar i årlege driftmidlar i tillegg... kurtber 28. apr 2005 kl. 1501 (UTC)

Eg var frampå med desse tankane på landsmøtet i Norsk Målungdom, men det vart eit helder stutt ordskifte som ikkje glødde upp møtelyden, og inkje kom utav det. Her på Nynorsk Wikipedia trur eg derimot me lyt freista koma fram til eit standpunkt :). Kva trur de?

Jarle 27. apr 2005 kl. 2145 (UTC)

Delar av regjeringa og større delar av Stortinget er for tida ganske opptekne av dette med opne standardar og slikt. Dersom Aasentunet ikkje vil samarbeide med oss, kanskje nokon burde gjere regjering og/eller storting merksame på oss? For alle andre enn dei involverte forlaga må Wikipedia vere eit betre løysing for fellesskapen, også økonomisk. Vi har jo minst ein politikar blant oss som kanskje har dei rette kontaktene. Kurt? :) -- Larsivi 28. apr 2005 kl. 0558 (UTC)
Eg trur den beste måten å gjere "den politiske elita" merksam på oss er å ta det offentleg. Utan det trur eg nok at stortingspolitikarar overser oss (trass alt eit veldig lite prosjekt i t.d. medlemstal) like glatt som Samlagsfolka gjer det... Dei største raddisane kan vere overraskande konservative når dei ikkje heilt forstår kva som hender rundt seg :)
Det er rett nok eit genialt tidspunkt å marknadsføre det nynorske Wikipedia-prosjektet. Vi kan møte Samlaget til Holmgang :) Skrive eit ope brev til Aasentunet sine leksikon-prosjektleiarar der vi ønskjer dei lukke til med arbeidet og håpar dei kjem til å ha skapt eit like omfattande leksikon som vi kjem til å kunne tilby i 2013 (det er vel då deira prosjekt skal vere fullført?). Vi har jo byrja i det "små" med litt over 6000 artiklar på litt over eit halvt år :) -Utan å få pengar frå Stortinget... Det skal vere mogeleg å rive opp ein mindre debatt om korleis ein skal bruke "nynorsk-pengane" - og då kan ein få noko ut av å snakke med stortingspolitikarar.
Men kva ønskjer vi å få ut av å fortelje stortingspolitikarane om kva vi driv med? Har vi interesse av å gå Samlaget og Aasentunet sitt leksikonprosjekt i matfatet? (Når det gjeld brukarar er det forsovidt dei som prøvar å nappe i tallerkenen vår, men det vert no ein annan sak). Er det fordi vi treng pengar? Kva treng vi pengar til? (Tek vi skade av at Samlaget gjer ut eit bakstreversk papirleksikon i 2013?)
Det hadde vore utruleg stilig om vi kunne fått Stortinget til å "gå inn for" ein open wiki-standard med eit levande miljø rundt - heller enn ein proprietær informasjonsavgrensande standard. Heilt i tråd med i alle fall mine prinsipp, men har vi ei faktisk interesse av det? - Er det ein fordel eller bakdel for nynorsk generelt? kurtber 28. apr 2005 kl. 1053 (UTC)
Det einaste eg kan sjå at pengar kan tilføre Nynorsk Wikipedia, er eventuelt frikjøp av nokon til bruke mykje tid på skriving, organisering, etc, men eg trur ikkje at det er av interesse. Eg hadde gjerne sett at Wikimedia Foundation hadde fått pengar, eller at Noreg hadde gått inn med pengar slik at ein kunne få dedikerte wikipedia-tenarar i Noreg, slik som det kan sjå ut til at enkelte land (var det Belgia?) tenkjer på.
I forhold til kva Samlaget prøver å få til, så trur eg berre det at det vil vere å kaste pengar ut vindauget og eg ser ingen grunn til at Stortinget på vegne av fellesskapet (dvs meg) skal bruke pengar på noko som vil koste pengar for lesaren, når det finnast eit mykje betre og gratis alternativ. Når det er sagt, så vil det sjølvsagt vere fint å ha eit nynorskforlag som Samlaget i drift, det ville vere dumt om det gjekk konkurs fordi dei satsa på eit tapsprosjekt. (Argument i begge retningar der, kanskje) -- Larsivi 28. apr 2005 kl. 1107 (UTC)
Det aller beste, og eg tykkjer det er smått håplaust av Samlaget ikkje å vurdere det skikkeleg, ville vere om dei samarbeidde med oss. Når vi har skapt eit stort leksikon er det jo kjempeflott om dei nyttar det arbeidet vi har gjort til å lage eit papirleksikon - om det finnes ein marknad for det, og dei ser sjansen til å tene pengar på det. - For, som du peikte på, trur eg nok at Samlaget er utruleg viktig for nynorsk som språk. Det er gjerne her eg ser den beste saka vår - alle burde spare pengar på det. Er lisensen eit problem for Samlaget? Det er vel meininga at den skal vere tilpassa kommersielle aktørar? kurtber 28. apr 2005 kl. 1123 (UTC)
Eg hev uppfatta det slik at det ikkje er snakk om eit papirleksikon, men eit lukka internetleksikon, mest umsett frå Caplex med eindel nye og "djupare" artiklar. Fordel eller bakdel, den siste er i alle fall godt fest i marki når det gjeld Samlaget!
Det er sant. Men slik eg forstår det skal dei skrive 3000 nye artiklar (hallo... det er jo ingenting) og plukke med seg nokre hundre tusen artiklar frå alle ordbøkene og liknande oppslagsverk som Samlaget har gjeve ut. - I tillegg til dei 65 000 stubbane i Caplex.no. Dei skal òg nytte Caplex.no sitt brukargrensesnitt.
Eg har sett opp ei litt farga Nynorsk Wikipedia vs. SamLex side: Wikipedia-diskusjon:Nynorsk_Nettleksikon. Slik eg ser det har vi ein sterk sak om vi ser oss tente med å "angripe" planane om å byggje eit proprietært nettleksikon på nynorsk. Eg meinar at vi kanskje burde markere oss i den her saka, av di eit slikt prosjekt (med tanke på spreiinga av nynorsk og fremjinga av nynorsk som eit levande språk, m.a.) hadde vore mykje betre kanalisert gjennom Nynorsk Wikipedia grunna dei opne standardane vi opererar med. Problemet er at eg ikkje trur at korkje Cappelen eller Samlaget ser seg tente med å nytte opne standardar. Dei skal jo trass alt tene pengar... kurtber 28. apr 2005 kl. 1315 (UTC)
Å lønne artikkelskrivarar føler eg går litt i mot wiki-anden, men eg har sett i andre diskusjonar (trur det var i epostlista wikipedia-l) at det har vore snakk om å nytte lønna "oversynsfolk", altso å leige inn nokon som kan kvalitetssikre artiklar. Det kan vere eit mogeleg bruksområde for Nynorsk Wikipedia når det kjem til tema med få rettingar og få "kopetente" skrivarar? Å ha dediserte tenarar i Noreg ser eg for meg kan vere ein stor fordel etterkvart som dei norske wikipediane veks. kurtber 28. apr 2005 kl. 1123 (UTC)

Mållaget vedtok ei fråsegn om nynorsk nettleksikon på landsmøtet 15, – 17. april, med referanse til planane som er skildra på Aasentunet sine sider. Eg har gjeve att ordlyden i fråsegna på Wikipedia-diskusjon:Nynorsk_Nettleksikon.
--Verdlanco\diskusjon 30. mai 2005 kl. 1001 (UTC)

Slutt på bolk frå perioden 18. april – 30. mai 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 11:49 (UTC)

Start på bolk frå 18. mai 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 11:49 (UTC)

Eg har eit norskprosjekt på skulen no, som går ut på at me skal lage eit radioprogram. Eg har fått i oppgåve å lage eit program om språk, og det måtte ikkje vere på nynorsk, men dei fleste språkprogram er det, så da synast eg det var best å ha det på nynorsk. Så, spørsmålet mitt er om nokon kunne lese igjennom Brukar:Jon Harald Søby/Norsk i Noreg og kanskje rette det som er feil. Det er ikkje så ille langt. Jon Harald Søby 18. mai 2005 kl. 1904 (UTC)

Slutt på bolk frå 18. mai 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 11:49 (UTC)

Guttorm på radioen

endre

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 11:05 (UTC)
Om ein augneblink er Guttorm Flatabø på radioen, på kulturbeitet på P2. Dei som ikkje får det med seg no, kan høyra på sendinga seinare på http://nettradio.nrk.no/default.php?kanal=p2 (logg inn og søk etter Kulturbeitet, 12/08/05, klokka 09:00). Bjarte 12. august 2005 kl. 07:06 (UTC)

Brukarnavn og passord er gratis å få hos NRK, så dette er verd å få med seg. Kan nokon berre seia meg kven herr Flatabø er? --Anders 12. august 2005 kl. 09:37 (UTC)

Herr Flatabø er Brukar:Dittaeva. --Gunnernett 12. august 2005 kl. 10:21 (UTC)

Beklagar, det fekk eg ikkje med meg. Har høyrd på opptaket. Wikinews vert spanande å fylgje med på. --Anders 12. august 2005 kl. 10:29 (UTC)

Vridd hjå Aftenposten

endre

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 11:05 (UTC)
Aftenposten Aften har i dag ein god artikkel om bokmålswikipediaen, med intervju med pjacklam oc cnyborg. Men dei nemner ikkje nynorskwikipediaen med eit ord, og kallar bokmålswikipediaen for Norsk Wikipedia. Eg skreiv ein kjapp epost til journalisten, kanskje fleire bør gjera det? (Eg finn ikkje artikkelen i nettutgåva). -- Ekko 12. august 2005 kl. 15:23 (UTC)

Det er vel denne du meiner: http://www.aftenposten.no/nyheter/nett/article1092167.ece. Eg sat og tenkte på det same når eg las. Har send eit brev no iallefall, og sender oppmodinga vidare... --Anders 12. august 2005 kl. 15:39 (UTC)

Nei, denne er gamal. Men innhaldet er mykje likt. -- Ekko 12. august 2005 kl. 16:14 (UTC)

Då har eg nok maila feil person kan hende, kva journalist var det som skreiv artikkelen du las? --Anders 12. august 2005 kl. 17:28 (UTC)

Per Kristian Bjørkeng, per.kristian.bjorkeng@aftenposten.no --Ekko 12. august 2005 kl. 19:12 (UTC)

I en riksmålsavis som Aftenposten er det naturlig at fokuset vil være på riksmåls- og bokmålsutgaven. Det var leit at ikke nynorsk ble nevnt, tilsammen har jo de norske wikipediaene godt over 40 000 artikler, noe som er enda mer imponerende. Men som en trøst kan jeg nevne at i tidlig presseomtale, også i Aftenposten, ble norsk Wikipedia fullstendig ignorert og bare en.wikipedia omtalt (som ble kalt den "internasjonale" utgaven). Wolfram 12. august 2005 kl. 19:35 (UTC)

Jeg vil også nevne at når jeg snakker med journalister prøver jeg alltid å få med nn:, f.eks. i intervjuet på P2s Sånn er livet hvor jeg fikk med at nn: er det første leksikon på nynorsk på mange år, og dermed et viktig prosjekt på flere måter. I Aftenposten var løpet for intervjuet lagt strengt opp, og jeg tror faktisk aldri vi kom inn på nn:. Men jeg følger med på nn: også, og gjør mitt beste for å få det nevnt selv om det jo er no: de kontakter meg i forbindelse med. ~Jeg ser jo også med glede at irritasjonen her er rettet mot journalisten og ikke mot Pjacklam og meg. Cnyborg 12. aug. 2005 kl. 19:45 (UTC)
Nei, eg synest de står fram som gode wikipedantar, eg! :-) Men journalistens (og journalistars) manglande presisjon og omtrentlege omgang med fakta er noko anna :-( --Ekko 12. august 2005 kl. 20:49 (UTC)

Eg fekk nett no ei hyggeleg melding frå journalisten kor han ber om orsaking og seier han skal hugse oss neste gong. Gild kar! --Ekko 13. august 2005 kl. 10:00 (UTC)

Nynorsk pressekontor siterer Wikipedia

endre

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 12:09 (UTC)
Nynorsk pressekontor siterer Wikipedia her: http://www.nesteklikk.no/20050826/65756.html (på den nye nynorskversjonen av startsiden.no , http://www.startsida.no/ ) Men er stoffet henta og omsett frå «Weblogg» på Bokmålswikipedia eller teke frå Blogg her på nn? For meg ser del helst ut som det fyrste. --Jorunn 26. august 2005 kl. 17:55 (UTC)

Eg er heilt einig med deg Jorunn, sidan ordet «oppdatert» ikkje står på nynorskversjonen. Dette er jo dårleg av NPK. EIRIK\diskusjon 26. august 2005 kl. 18:30 (UTC)
Dei kallar seg jo norsk Wikipedia då:-\ NPK er nok ikkje dei første som går i den fella, men dei burde jo vera dei siste. Er det ikkje også feil å omsetje sitat på den måten. No er det vel også slik at dei ikkje kunne ha sitert nn.wikipedia sidan det som er sitert ikkje står her, kanskje blogg treng litt utviding/flikking? Ser forresten av Startsida.no har fått med seg at me er her, saman med ein "norsk versjon". --Guttorm 26. august 2005 kl. 18:51 (UTC)
Sitat frå artikkelen: «Nettleksikonet Wikipedia definerer blogg, eller vevlogg på norsk, som: «...ei nemning på ei oppdatert internettside kor ein eller fleire forfattarar ytrar synspunkt og fortel omverda om det som skjer. Innlegga blir oftast datert i omvendt kronologisk rekkjefølgje, og ein weblog kan ha mykje til felles med ei dagbok. Der nokre webloggar er reine dagbøker for bloggskribenten, er andre meir tematisk, profesjonelt, eller kunstnarisk vinkla. Bloggar gjer også ofte ivrig bruk av peikarar til andre nettstader og ikkje minst andre webloggar.»»
Dei har ikkje kalla bokmålswikipediaen "Norsk Wikipedia", så eg tykkjer ikkje nødvendigvis dei har gått i noko felle, men det er tydeleg det er bokmålswikipediaen som er kjelda. Verken blogg eller en:weblog har same ordlaget. Dersom dei ønskte å sitera bokmålswikipediaen i staden for nynorskversjonen, tykkjer eg likevel dei skulle ha late vera å setja om frå bokmål til nynorsk. Det er vel vanleg å sitera i den målforma noko er skrive på i Noreg? Bjarte 26. august 2005 kl. 22:42 (UTC)

Eg ser ikkje noko gale i at dei omset frå no, eller nokon annan Wikipedia. Men me kunne jo håpa at nett Nynorsk Pressekontor hadde tenkt på nn.wikipedia når dei leita etter wikipediainnhald til ein artikkel. Kanskje dei treng litt ekstra veiving og hoing frå oss for å sjå nn:wikipedia? Dei kunne sikkert vore gode å hatt på lag. --Jorunn 26. august 2005 kl. 23:36 (UTC)

Hyggjeleg sitat frå blogg

endre

Sjå [1] Gratis nettleksikon på norsk – Wikipedia Det å kjøpe seg et leksikon koster fort rundt 10.000 kroner. Ute på nettet har vi et gratisleksikon - Wikipedia - som blir utviklet av brukerne selv. Dette finnes også både en nynorsk- og en bokmålversjon av leksikonet, i tillegg til en rekke andre språk. Selv har jeg bidratt med et bilde og frembrakt data for en annen bruker som skrev en artikkel om Odda Smelteverk. Det kan virke litt krøkkete å laste opp artikler. Imidlertid så finnes det hyggelige mennesker som hjelper en til å bidra til å få det til slik det skal, spesielt hyggelige er de som er flittige med å bygge opp nynorskversjonen, så gå i gang og bli med på dugnaden. --Gunnernett 3. okt. 2005 kl. 18:48 (UTC)

Flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:15, 4 oktober 2006 (UTC)

Kritikk av Wikipedia

endre

Wikipedia-nytt, 18. oktober 2005: Jimmy Wales, ein av grunnleggarane av Wikipedia; kritiserer Engelsk Wikipedia for å publisere artiklar med for dårleg kvalitet. (www.itavisen.no)

Meir:

Klippa frå Maldiskusjon:Nyhende -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 20:06 (UTC)

Det er vel rett det at er under Wikipedia-nytt meldinga høyrer heime. Men eg har ikkje oppfatta at kritikken var retta eksplisitt mot engelsk Wikipedia, og at nynorsk og andre wikipediar går fri. Eg tykkjer diskusjon om kva nivå ein artikkel bør ha er viktig og dermed om ein middelmådig artikkel er betre enn ingen artikkel. -- Asgeir 19. okt. 2005 kl. 20:45 (UTC)
Eg er einig i at dét er ein debatt som er verd å ta, til dømes i Samfunnshuset. Slik eg las ITavisen ser døma ut til å peika til engelsk Wikipedia (det er nok fortsatt den dei fleste meiner når dei bare seier Wikipedia). På den andre sida er vel ikkje ITavisen heller alltid til å stola på; ein annan artikkel om at Wales ville "frysa" ferdige artiklar var i følge kommentarane heilt feil. -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 19:56 (UTC)

Klipp slutt. -- Ranveig 19. okt. 2005 kl. 20:06 (UTC)


Dette er jo viktig, det gjeld om Wikipedia har livsens rett eller ikkje.
  • Eg synest ei riktig spire er betre enn ein middelmåtig artikkel
  • Fakta er viktigare enn språket (difor stakk eg frå Riksmålswikipediaen)
  • Kjelde- og litteraturtilvisingar er bra
  • Gode brukarsider er bra, anonymitet er ikkje bra
--Ekko 20. okt. 2005 kl. 20:06 (UTC)

No når kjeldediskusjonen er flytta ein annan stad har eg lyst til å gå tilbake til utgangspunktet, og seia meg einig med Ekko i at gode spirer eller korte artiklar kan vera betre enn lange, ustrukturerte artiklar. en:Bill Gates var eit døme på det. Då eg skreiv vår Bill Gates-artikkel, brukte eg mest sv:Bill Gates, medan en: var mest referanse. Det var godt å kunne skriva ein ny artikkel, utan å måtta ta omsyn til kjenslene til tidlegare skribentar på en:.

Eg trur at artiklar av og til kan koma skeivt ut og bli uleselege. Då meiner eg det er best å gå tilbake til ei enklare form, eller helst skriva om heile artikkelen slik at han blir betre enn begge. Me treng ikkje ta vare på alt. -- Ranveig

Me treng ikkje ta vare på alt. Nei, alt er jo uansett å finna i historikken. Difor kan det vera nyttig å leggja inn ein peikar på diskusjonssida til gamle versjonar med meir informasjon etter ei drastisk revidering. Det er viktig å vera uredd i endring av artiklar og hugse på at alt kan gjerast om att. --Guttorm 24. okt. 2005 kl. 21:24 (UTC)

Wikipedia nytta som kjelde i Krekar-saka?

endre

Eg fann ein artikkel i Universitas (frå 24.08.05) om kor truverdig Wikipedia var - med den vanlege oppramsinga av at kven som helst med kvar for agenda som helst kan skrive kva som helst -- og at det er årsaken til at forlag som tener pengar på papirleksikon ikkje meiner Wikipedia er bra...

Men: So kom det ein spennande saksopplysing eg ikkje kjende til:
"Norske myndigheter brukte Wikipedia som kilde i forbindelse med utvnisningssaken til Mullah Krekar."

Overraskande! / Kurtber|Ordskifte 20. okt. 2005 kl. 11:32 (UTC)

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=280890 --Jorunn 21. okt. 2005 kl. 12:05 (UTC)

Slutt på innhald flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:15, 4 oktober 2006 (UTC)

25 000

endre

Nokon som har sett noko medieomtale av milepælen vår endå? --EIRIK\diskusjon 18:41, 13 august 2007 (CEST)

Ja, her: [2] --Tannkrem 20:29, 13 august 2007 (CEST)
Strengt lest ein litt trist artikkel. Mållagsleiaren oppmoder til omsetting til nynorsk av eksisterande artiklar, medan ho ventar på «eit profesjonelt leksikon». Jaja, kvar med sitt, sa vintapparen, han drakk medan dei andre sloss. Og wikipedanten som skreiv, medan dei andre venta. --Ekko 20:49, 13 august 2007 (CEST)
I verdas største nynorskby er det plass til mange leksikon veit du. :-) Men det er jo litt sløvt å bruka eit intervjuobjekt som ikkje ser ut til å ha særleg mykje til overs for det omtalte fenomenet... --Tannkrem 20:54, 13 august 2007 (CEST)
Det ligg i wikipediakonseptet at det er fritt å bruke. Følgeleg er det også fritt å omsetje, t.d. frå bulgarsk til nynorsk. Men vi må motivere nynorskfolk til skapande arbeid, til å skrive nye artiklar, ikkje til berre å gå i spor andre har tråkka opp. At mållagsleiaren ikkje har forstått meir, syner at vi må ta marknadsføringa av nn-wikipedia meir på alvor. Vi har et godt nettleksikon som vi kan vere stolte av. Kanskje vi bør bruke ein av månadsdugnadene til vinteren på marknadsføring av nn-wikipedia? - Knut 21:59, 13 august 2007 (CEST)

Kjelde: Wikipedia

endre

«Kilde: Wikipedia», står det ofte under faktaboksane i Helgeland Arbeiderblad - og sikkert ofte i andre aviser, òg. Sist eg såg ein slik boks handla han om langfredagsfjæra og stod under reportasjen om aktivitet i fjæra [3] (nettutgåva har ikkje faktaboksen med.) Teksten i faktaboksen var på bokmål, men eg sjekka kva for wikipediautgåva avisa hadde brukt som kjelde. Og trur de ikkje det var nynorskartikkelen dei hadde omsett, nærast ord for ord. Artig å sjå at også nynorskwikipediaen vert nytta - i det minste i kvalitetsavisene. --Knut 21:38, 27 mars 2008 (CET)

Tilbake til prosjektsiden «Omtale».