Wikipedia-diskusjon:Samfunnshuset

Siste kommentar: for 5 år sidan av Ranveig i emnet Fotballspelarar


Wikibook?

endre

Wikibook kva med ei norsk utgåva her?

Eg heldt ei stund på med eit læreverk i høgnorsk. Det vart etter kvart "mange" (folk som ikkje er nordmenn) som vilde læra seg høgnorsk og som var nyfikne etter å vita og læra meir, og me hev ei eigi netlista for dette.

Kva med å byrja på eit læreverk i norsk? Her er ei samvinna millom norsk og høgnorsk ei lett sak, men lyt vel like vel vera skilde.--Fatagnus 01:36, 20 Sep 2004 (UTC)

Nett denne lyt då vera på den engelske utgåva. --Fatagnus 01:37, 20 Sep 2004 (UTC)

Omdøyping

endre

Fylgjande innlegg fram til 10. nov 2004 kl. 08:59 (UTC) vart flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 24. nov 2004 kl. 20:35 (UTC) Eg har flytta denne sida til Wikipedia:Samfunnshuset, sidan folk brukar ho omtrent som Village Pump/Vannposten. Det er ganske forskjellig mellom språka kva folk kaller hovuddiskusjonssida, men det som er sams er at det er oppkalle etter ein plass der folk plar treffast for å prata. Eg synest «samfunnshuset» høver ganske bra, sidan ein ofte snakker om Wikipedia som eit dugnadsprosjekt. Viss det er nokon som mislikar namnet eller kjem opp med noko enno betre, er det berre å bruka «flytt» øvst i knapperada. Arj 6. nov 2004 kl. 14:33 (UTC)

Eg hadde tenkt på "Torget" som eit nynorsk alternativ, men Samfunnshuset er endå betre. God idé. -- Ranveig 6. nov 2004 kl. 14:51 (UTC)
Glimrande namn! Jarle 6. nov 2004 kl. 17:54 (UTC)
Det er fint! :) Bjarte 6. nov 2004 kl. 22:04 (UTC)
Bra namn! :D -- Olve 10. nov 2004 kl. 08:10 (UTC)
Eg likar det! --VerdLanco 10. nov 2004 kl. 08:59 (UTC)

Treig tenar?

endre

Kvifor er nn.Wikipedia så innmari treig? Kan serveren oppgraderast og gjerast raskare? --Hemo 2. feb 2005 kl. 1218 (UTC)

Tenarane, som skal tena alle wikipedia-sidene på alle språk, sit alle i Florida så vidt eg veit. Dei har vorte oppgraderte fleire gonger, men kvar gong veks aktiviteten tilsvarandes så det har vore vanskeleg å heile tida ha kraftig nok utstyr. Det kan kanskje henda det finst andre årsakar òg? Det står nok ein del om dette på diskusjonssider rundt om kring på :en og på meta.wikimedia.org. Bjarte 2. feb 2005 kl. 1242 (UTC)

I teorien skal du kunne få ein statusrapport om tenarane på #wikipedia på IRC-tenaren irc.freenode.net. Kurtber

Samfunnshus?

endre

Start på bolk frå 9. mars og 2. august 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 09:46 (UTC)

Skulle hatt eit bilete av eit godt gamalt samfunnshus eller bedehus eller noko liknande her, for å få ein skikkeleg swung over staden. La oss prøve å skape kjensla av eit skikkeleg samfunnshus med tjukke, morkne berebjelkar! PS: Til den personen som kalla det for Samfunnshuset; godt namn! --kurtber 9. mar 2005 kl.16:35 (UTC)

Kva med å nytte [biletet av Eidsvoldsforsamlinga] i 100års-året :) Det ser jo ut som eit godt gammalt Samfunnshus --kurtber 9. mar 2005 kl.16:35 (UTC)
Ja, eg ser no for meg eit raudmåla ungdomshus (eller kanskje det er kvitt eller okergult...?) med småruta glas, bølgjeblekktak og litt småskog (atsjoooo!) ikring... :) -- Olve 9. mar 2005 kl. 1701 (UTC)
Nett det eg og ser for meg - berre hovudsakleg kvitt... Kanskje gode gamle Gjesthalla i Jølster :)
Kom ein fram til at bilete frå Galleri NOR kan nyttast tykkjer eg
  1. [Telemarksbiletet] er strålande, men kanskje litt farleg å nytte på Nynorsk Wikipedia...
  2. [Sykkelbiletet], er særs stilfullt, men gjer lite uttrykk for samhald og diskusjon...
  3. [Stortingsbiletet]? er gjerne litt... kva kan eg kalle det... pretensiøst? ;)
  4. [Stabbursbilete]
  • Min favoritt er det første, men som sagt... Nynorsk Wikipedia og gamle storbønder i bunad... Er det eit problem? Eg kjenner til få kjelder til bilete utan krav om opphavsrett... --kurtber 9. mar 2005 kl. 1720 (UTC)
SetesdalsTelemarksbunadsbildet er no forfriskande brutalt... ;-) Eg lurer no elles litt på desse alternativa:
  1. http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=118098&skjema=2&fm=4
  2. http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=23720&skjema=2&fm=4
  3. http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=186347&skjema=2&fm=4
-- med atterhald om PD og alt slikt, da... -- Olve 9. mar 2005 kl. 1736 (UTC)
Åh! Det første biletet ditt tykte eg var verkeleg flott! Det gjer verkeleg uttrykk for kor langt ein er villig til å gå for å ta Samfunnshuset i bruk! :) Då må eg oppdatere mine favorittar til å vere ditt bilete nr. 1 og mitt eige bilete nr. 1 :)--kurtber 9. mar 2005 kl. 1755 (UTC)
No har eg googla litt på Anders Beer Wilse, og han levde frå 1865 til 1949. Det er vel fare for at bilda hans er for nye — PD-kravet er minst 70 år etter at opphavspersonen døydde, såvidt eg kan komma i hug. -- Olve 9. mar 2005 kl. 1805 (UTC)
Esj... Finnes det betre kjelder?--kurtber 9. mar 2005 kl. 1810 (UTC)
Av bileta på Galleri NOR skulle Axel Lindahl sine vera PD (han døydde i 1906). Spursmålet er om digitaliseringane er verna av opphavsretten. Eg sende eit brev til Nasjonalbiblioteket om dette i fjor, men fekk ikkje svar ... Jarle
Etter litt fram og tilbake her i heimen er me komne til at bilda nok er i det fri. Digitalisering har ikkje eigentleg tilført dei noko nytt, og dei er dermed ikkje nye åndsverk. Axel Lindahl bør kunna brukast.
Elles er eg særs skuffa over at me ikkje kan bruka dei flotte telemarks- eller klaterbileta. Det er nesten så ein blir litt arg på fotografen for at han levde så lenge. Han, og så Munch, som ikkje blir fri før i 2014... -- Ranveig 9. mar 2005 kl. 1907 (UTC)
Tyder dette at me fritt kan plukke Munch-bilete ned frå veggane i 2014? (:-)) Eit skikkeleg bilete av eit samfunnshus ville vore med motiv av LjosvangIndre Hafslo. Eit samfunnshus med verdsrekord i tal på slåstkampar. --Bep 9. mar 2005 kl. 2145 (UTC)
Hmmm... Trur eg må be om dokumentasjon på den påstanden... Hard konkurranse i "slåstkampar på samfunnshus-statistikken" trur eg! ;-) kurtber 9. mar 2005 kl. 2207 (UTC)
Kanskje ikkje dokumentasjon god nok, men ein vits eg plukka frå [1] --Bep 2. aug. 2005 kl. 15:58 (UTC):
Det hadde vore fest i Ljosvang 2. juledag, og ein hafslobygding kom til doktoren for å få sydd eit par sting etter slagsmålet.
- Du, sa han til doktoren, - da greie` seg med litt trokling, for da e` fest atte nyttaorsaftao!
Åh åh! Men merk dykk alle saman at når det gjeld telemarksbiletet så er det feilmerka med Anders Beer Wilse... Sjølve biletet er merkt med Axel Lindahl - OG lenger nede på sida står det "Axel Lindahl 1841 - 1906, fotograf (opphavsperson)" Vert nokon frustrerte om eg legg inn biletet som ei prøveordning?

Slutt på bolk frå 9. mars og 2. august 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 09:46 (UTC)

Bilete på framsida

endre

Eg tykte det såg bra ut med eit stort bilete på framsida! -Eg har ikkje nokon sterke kjensler for det, men lurer litt på kvifor det skal vere so lite? Det vert mykje tomrom på sida av indexen når biletet er so lite... kurtber 12. mar 2005 kl. 1622 (UTC)

Kor mykje tomrom det blir, er vel avhengig av kor stort vindauge nettlesaren har (kor mange pikslar) og kor stor innhaldslista er. Eg tykkjer eigentleg det er greit at med er tilpassa litt små skjermar/nettlesarvindauge. --Guttorm 12. mar 2005 kl. 2024 (UTC)
Det kan eg nødig seie meg i mot... :) kurtber 12. mar 2005 kl. 2352 (UTC)

Brukarportalen

endre

Trengs artikkelen "Underprosjekt"? Er ikkje det det same som Wikiprosjekt? Og om det ikkje er det; finnes det nokon underprosjekt? kurtber 28. mar 2005 kl. 0631 (UTC)

Eg veit ikkje om nokon underprosjekt som ikkje er wikiprosjekt, men så er jo heile Wikipedia eit wikiprosjekt så kanskje det treng omdøyping? --Guttorm 28. mar 2005 kl. 1118 (UTC)

Wikimedia Collaboration

endre

A new attempt to get the Wikimedia community to collaborate on multi-lingual tasks is the Wikimedia Collaboration of the Week. Please see the page on meta for details. It would be great if you could translate the following and add it to Samfunnshuset. The text below is from en:Template:Wm-cotw and will be updated every week. Thanks. Angela 3. apr 2005 kl. 1932 (UTC)


The Wikimedia Collaboration of the Week is an attempt to get the Wikimedia community to join forces in tackling problems that affect all our projects. The current COTW is to create a standard multilingual manual for the MediaWiki software. The help pages should be linked from Help:Contents on Meta, our Wikimedia-wide coordination wiki. Please see the instructions for this COTW and help to make it happen!

 

Just translated and added :) kurtber 4. apr 2005 kl. 0013 (UTC)
Thank you. :) Angela 4. apr 2005 kl. 1343 (UTC)

Kjellarlykel

endre

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 12:16 (UTC)
Eg har ikkje vore med på det før, men viss det er nokon som har lykt og lykel kan eg godt vera med å bera litt ned i kjellaren. --Eddi (Snakk) 28. august 2005 kl. 22:52 (UTC)

Det trengst vel heilt klart litt arkivering. Mellom anna er det eit langt ordskifte om høgnorsk og om målføring. Kan dette flyttast til Wikipedia-diskusjon:Retningsliner for nynorsk målføring, eller bør det lagast rom for det i kjellaren? --Gunnernett 29. august 2005 kl. 10:47 (UTC)

Ja, berre dei to trådane Målform og Omsetjing frå høgnorsk utgjer 85 kB av totalt 200 kB. Dessverre fekk eg aldri fordøyd heile ordskiftet, men eg forstod det slik at vart ei løysing. Viss denne løysinga er passande forklart i retningslinene, tykkjer eg ordskiftet kan flyttast til diskusjonssida for retningslinene, med ei tilvising frå Kjellaren. Andre trådar som kan flyttast i same retninga er t.d. bokmål-> Nynorsk og Kva med genitiv? – viss dei er «gamle» nok. --Eddi (Snakk) 29. august 2005 kl. 12:03 (UTC)

Starta med å flytta ordskifta om målform og omsetjing frå høgnorsk. Ryddedugnaden er då starta ... --Gunnernett 29. august 2005 kl. 14:27 (UTC)

Når det gjeld andre emne føreslår eg at trådar der siste innlegg er eldre enn 1. juli, vert flytta til Kjellaren eller andre sider med tilvising frå Kjellaren. Me kjem då ned i omlag 40 kB. --Eddi (Snakk) 29. august 2005 kl. 12:03 (UTC)

Eg flytta ein del bolkar om Samfunnshuset, Hovudsida, statistikk, medieomtale m.m. og la dei i lenker i Kjellaren. Har me forresten ein lur plass for tekniske ting, trøbbel og tips? --Eddi (Snakk) 31. august 2005 kl. 00:07 (UTC)



Eg tykkjer at somme bolkar vart flytta litt raskt ned i kjellaren nett no. Meldingar og ordskifte som ikkje byrja før i august kunne gjerne stått ei stund til, særleg om dei ikkje var avslutta. I tillegg synest eg det er litt tungvint å finna dei nyaste kommentarane viss dei er skrivne på den nye plassen samtidig som ein bolk er flytta frå den gamle plassen. Det hadde hjelpt med to ulike redigeringar, trur eg. --Eddi (Snakk) 11. september 2005 kl. 21:45 (UTC)

Sjå #Liste over peikarar for grunngjeving for den tidlege flyttinga, det er peikarar til dei tidleg flytta bolkane i øvste bolken på samfunnshuset. To redigeringar hadde nok vore enklare ja, men det tok eg meg ikkje tid til denne gongen. --Guttorm 11. september 2005 kl. 22:13 (UTC)

Flytting av interwiki frå Samfunnshuset til eit eige dokument?

endre

På ein handfull wikiar er interwiki-lenker som tilhøyrer Samfunnshuset plassert i eit eige dokument, men praksisen er ikkje godt etablert. Som grunnlag for diskusjon har eg laga ein Mal:Samfunnshuset som eg bed dykk sjå på. Den er ikkje tatt i bruk enno. Eg tykkjer dette verkar som eit greit tiltak for å gjera koden til Samfunnshuset enklare, men lat meg ta opp Gangleri sin kommentar som ligg øvst i interwiki-lista her på sida (eg har signert og datert kommentaren ut frå historikken):

Notes about interwikis: At ca:Viquipèdia:La taverna interwikis are (hidden) in ca:Template:Taverna, at fy:Wikipedy:Oerlis_side interwikis are (hidden) in fy:De_kroech, at he:ויקיפדיה:מזנון interwikis are (hidden) in he:תבנית:מזנון, at is:Wikipedia:Potturinn interwikis are (hidden) in is:Snið:Potturinn. To my opinion interwikis should not be used in templates, linking should be easy – especially for "newbies". Gangleri 22. apr 2005 kl. 13:14 (UTC)

  For eller   Imot, eller andre synspunkt? --Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 11:32 (UTC)

Eg trur dette kan vera eit bra tiltak, kanskje også ev. flytta innleiinga inn i eigen mal, og laga ein kommentert del på toppen som seier korleis ein kan endra dei malifiserte delene av sida. Hugs at det no er funksjonar for kva deler av eit ein mal som skal vera med i sider malen blir brukt på og kva som berre skal vera med når ein ser på sjølve malen. Slik kan ein ha med interiwiki og kategoritaggar både for malane og sidene malane blir brukt i. --Guttorm 11. september 2005 kl. 12:37 (UTC)
Er det nokon fare for at robotar som sviv rundt og lagar interwiki, vil lenkja til ein slik mal frå t.d. en:Village pump, eller lenkjer dei berre artiklar til kvarandre? (Det skulle eg kanskje tenkt på før eg laga prøvemalen, men...) Viss dette ikkje er noko problem, kan eg ikkje sjå andre innvendingar enn det Gangleri nemner om «gøyming» og lett tilgjenge av lenkjer, særleg for nybyrjarar. Men kor mange er det som plar leggja lenkjer mellom ulike samfunnshus? Det er vel oftast ganske erfarne wikingar, og dei finn alltids fram. Dersom ingen har noko imot det ganske snart, kan me sikkert leggja inn interwikimalen og evt. andre malar og sjå koss det går. --Eddi (Snakk) 11. september 2005 kl. 22:34 (UTC)

Ein robot kludra det nett til på no:Tinget, der interwiki ligg i no:Mal:Tinget-topp. Roboten la inn full pakke med interwiki på prosjektsida, også dei som allereie låg i malen. Eg har spurt Andre Engels, som eg trur er den framste roboteksperten, om robotane kan programmerast til å unngå dette, og leggja lenkjene rett i malen. --Eddi (Snakk) 5. jan. 2006 kl. 11:46 (UTC)

Liste over peikarar

endre

Eg er litt lei av å flytte bolkar rundt omkring heile tida, så: Kanskje samfunnshuset heller burde gjerast om til ei opplisting av peikarar til pågåande drøftingar, slik at ein slepp flytta desse bolkane heile tida? --Guttorm 11. september 2005 kl. 11:51 (UTC)

Dvs. at ein deler sida i to med ein peikar del (som kjem først) og ein open del der brukarar utanfrå som ikkje kan så godt nynorsk, nye brukarar, osb. og dei som ikkje finn nokon anna stad, kan leggja inn drøftingar. Det er også vanskeleg/mykje arbeid å få Wikipedia:samfunnshuset/Kjellaren til å skalera, men eg trur det er veldig nyttig å få drøftingane og innlegga inn på rett stad og inn i rett samanheng og at dei ikkje berre forsvinn i eit "arkiv" eller ein "kjellar". --Guttorm 11. september 2005 kl. 11:56 (UTC)

Ja, det kan vera strevsamt å flytta bolkar – særleg når det er mange av dei. Eg trur det er svært nyttig for dei fleste å ha diskusjonane der dei høyrer heime tematisk, så treng ein ikkje hugsa kva år det skjedde på Samfunnshuset, men berre gå rett til den tematiske plassen. Det hadde vore storarta om me kunne få til dette utan å måtte flytta bolkane omkring. Eg skjøner i hovudsak framlegget ditt, sjølv om det ikkje er heilt enkelt å sjå føre seg i praksis – men det kan nok vera ei brukbar løysing. Veit du om noko døme frå andre wikiar som me kunne kikka på? (Orsak om eg verkar litt schizofren her, men kommentaren ovanfor gjeld ut frå den noverande ordninga.) --Eddi (Snakk) 11. september 2005 kl. 22:12 (UTC)
Ja eg skriv ikkje akkurat godt:-) Eg veit ikkje om nokon eksempel frå andre samfunnshus, men kom på no at "Voted for Deletion" på en.wikipedia ei stund var organisert slik at sjølve VFD-sida henta innhaldet til bolkane sine frå andre sider, truleg ved hjelp av {{:sidenamn}}. Dei fekk det til og med til å bli slik at når ein klikka på "[edit]" så kom ein til endring av sida som vart inkludert og ikkje VFD-sida. Skal sjå på det no. --Guttorm 11. september 2005 kl. 22:25 (UTC)
Nei eg gidd ikkje sjå på det no, treng vel litt søvn eg og:] --Guttorm 11. september 2005 kl. 22:26 (UTC)


kategori:teikneseriefigurar

endre

Kan nokon sjå om dei får Samfunnshuset ut av kategori:teikneseriefigurar, gjerne med ein nowiki til dømes? --Anders 10:05, 10 november 2006 (CET)

Eg får ikkje logga inn

endre

Eg får beskjed (på engelsk) om at eg skal logge inn med passord motteken på mail. Men eg får ikkje noko slikt passord. - Noruga.

Har du sjekka at mailen ikkje vert stoppa i søppelfilteret ditt? Anders 13:06, 20 desember 2006 (CET)
Ja, ingenting i søppelfilteret. - Noruga
Eg tester e-post-addressen din. Viss du får mailen eg har sendt, er den som står oppgjeven på ditt brukarnamn rett. Då kan du sikkert be om endå ei sending med passord. Viss du ikkje får han, må me byrja å tenka... --Ranveig 13:38, 20 desember 2006 (CET)
Du kan jo skriva anonymt medan du ventar... Anders 13:43, 20 desember 2006 (CET)
Eg fekk mailen du sende, Ranveig. Det same skjer når eg prøvar å logge meg inn på bokmåls-wikipediaen.
Eg prøvde å få tilsendt passord, og det verka for meg. Nokon andre kan ha gjort det for din konto, men det er rart det ikkje kom til din addresse. Posten skal koma frå wiki@wikimedia.org.
Det einaste eg kan råda deg til å gjera er å be om endå eit nytt passord, og så logga inn med det. Det kan vera at Wikipedia har ei avgrensa tidssperre mot å gjera slikt fleire gonger, i så fall er det berre å venta. Du kan som Anders sa redigera anonymt, eller laga ein ny brukarkonto i mellomtida. --Ranveig 14:22, 20 desember 2006 (CET)
No fungerte det. Takk!Noruga 14:37, 20 desember 2006 (CET)

Gløymt passord.

endre

Hei. Eg har eit problem. Eg har oppretta ein brukar her på nynorsk wikipedia, men nå hugsar eg ikkje passordet. Då lå eg merke til at eg også har gløymt å registrere e-post addressen min. Er det nokon måte å få tak i passordet mitt på? Forstår at kontoer ikkje skal misbrukast og difor er det sikkert ikkje muleg, men eg berre spør. Brukarnamnet er Andreas.

Dette er eg ingen ekspert på, så du får vente på at ein som er meir Wikipedia-kjend svarar deg, men eg vil tru at einaste muligheit er å lage ein ny konto. --Cato 18:59, 9 februar 2007 (CET)

Hei, Andreas. Her har du to val: Enten å få Ranvaig eller ein annan byråkrat til å flytte brukar:Andreas til til dømes brukar:flytta brukar 1, og deretter opprette ein ny konto med namn Andreas. Det andre valet er at du kan opprette ein ny konto med eit nytt brukarnamn. Uansett håpar eg du kjem tilbake til Nynorsk Wikipedia. --EIRIK\diskusjon 19:30, 9 februar 2007 (CET)
Ok, eg takkar for svarene så langt. --Andreas 19:35, 9. februar 2007 (CET)
Som Eirik sa, er det mogleg å flytta brukarnamnet Andreas til eit anna namn, slik at du kan oppretta ein ny brukar med namnet Andreas. Sjølv om du sikkert er den same personen, kjem me likevel aldri til å ha bevis på dette, så det enklaste er nok at du startar ein ny brukar med eit nytt namn, enn så lenge i alle fall. Me kan alltids byta om namna seinare, om ingen annan Andreas kjem attende. Bjarte (byråkrat), 01:28, 10 februar 2007 (CET)

Innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:45, 16 august 2007 (CEST):

Kvifor 'samfunnshuset'?

endre

Korleis har det seg at bokmålswikipediaen nyttar det gode norrønske ordet Tinget, medan vi her på nynorskwikipediaen tyr til Samfunnshuset?

Er det verkeleg so viktig for oss å stadfeste absolutt alle fordommar resten av landet har mot oss at det er naudsynt å nytte eit urgammalt bilete av trauste bønder i bunadar øvst på diskusjonssida? Det er ikkje rart alle assosiasjonane bokmålsfolk har til nynorsk går på tradisjon, hardingfele og islendar når det er akkurat desse bileta som vert nytta i nynorsksamanhengar av oss sjølve. Har ikkje noko ynskje om at nynorsk skal verte eit språk utelukkande for sære lingvistar og gammaldansentusiastar.

Ville det vere mogleg å få endra namnet på samfunnshuset til noko mindre stigmatiserande? Er det berre eg som er ein sytete liten unge, eller er det fleire som er einige med meg?

Brukar:Kvitlauk

Me kan godt diskutere å endre det, men eg trur ikkje eg i utgangspunktet er samd i grunnen til å endre.
Samfunnshuset er vel ikkje stigmatiserande på det viset? På Wikipedia på engelsk heiter sida The village pump. Det gjev assosiasjonar til uformell samtale mellom personar som kanskje ikkje elles går på talarstolen. Tinget er derimot noko stivt og formelt, for folk som likar å halde tale. Eg vil ha eit namn som får ein til å tenkje på samtale heller enn tale.
Det er mogleg at biletet av den sprelske kyrkjelyden er i overkant sjølvironisk. På den andre sida kan det vere godt å sjå wikipediadyret i kvitauget innimellom. Sjølv tykkjer eg dei ser så olme ut at eg ikkje klarar å tru at nokon kan ta biletet på alvor der det står øvst på sida.
Har du forslag til anna namn og anna bilete? --Jorunn 23:07, 27 mai 2007 (CEST)
Namnet «Tinget» er, samanlikna med «Samfunnshuset» og «The village pump», i overkant formelt og sjølvhøgtidleg. No veit eg ikkje om det finst samfunnshus lenger i Noreg; ikkje veit eg om det finst landbypumper i mange engelskbrukande land heller. Men Kvitlauk sin intensjon om å alminneleggjere nynorsk språk har eg sans for. Eg vil foreslå å la namnet liggje, men finne eit nyare bilete. Kanskje eit kafébilete? - Knut 15:06, 28 mai 2007 (CEST)
Jau, norske samfunnshus finnast den dag i dag. Kvar skal ein elles gå på 17 mai revyar? eller bygdakino? eller basar for det lokale husmorlaget? Når me vert ferdig med dei norske kyrkjene bør vi byrje dokumentere dei norske samfunnshusa, tykkjer eg :) Forøvrig har me eit bilete av eit samfunnshus her! Anders 16:50, 28 mai 2007 (CEST)
 
Godt oppmøte på ungdomshuset på Innersetra på Tustna under påskekaffien våren 2007.
Samfunnshusa (òg kalla ungdomshus, forsamlingshus osv.) lever i beste velgåande, ja! Elles var det no forresten slik at vi hadde lagt om namnet frå Bybrønnen (!?) til Samfunnshuset ei god stund føre Bokmålswikipediaen begynte med namnet Tinget. -- Olve 18:04, 28 mai 2007 (CEST)
Før vi starter arbeidet med å dokumentere alle dei norske samfunnshusa, kan nokon som veit kva eit samfunnshus er utvide artikkelen om samfunnshus (han finst ikkje på nb). Eg trudde samfunnshus var noko anna enn bygdehus og ungdomshus og avholdslokale og bydelshus og bedehus og idrottshus og skyttarhus og festarhus og kva dei no kan heite alle desse husa som kan verte omfatta av ein vid definisjon av omgrepet. Slike hus har vi mange av; det kan vere lettare å kjenne seg heime der enn på tinget.
Men likefullt kan bunadsbiletet byttast ut - men neppe med eit bileta av ein bilpark! - Knut 19:54, 28 mai 2007 (CEST)

Endring ernærer, eller kva dei no seier om forandringa. Biletet frå Telemark er ikkje ein gong teke utanfor noko samfunnshus, så her finst det rom for forbetring.

 
Kanskje biletet skal seia noko om stilen me ventar oss her i garden huset.
 
...sjølv om dette nok ligg nærare sanninga.
 
Samfunnshuset er møtestaden
 
...der det til tider kan vera råd å henta i austleg visdom.
 
I samfunnshuset samlar dei seg, stort og, emm...
 
Me prøver ein gong til: I Samfunnshuset samlar dei seg...
 
...for å slå på stortromma si...
 
...før dei slappar av etter det harde arbeidet med ein kopp te.

Me burde forresten hatt ein god illustrasjon til Arbeidskontoret òg, noko forslag? --Ranveig 00:43, 29 mai 2007 (CEST)


Meir seriøse forslag:

Fil:Women on bench talking.jpg
I den sjølvironiske tradisjonen... for det meste ordskiftast me om spennande ting
 
Kva med dette store samfunnshuset i Oslo?
 
Dette var min favoritt, som eg tykkjer passar denne sida framifra

-- Arvind 01:08, 29 mai 2007 (CEST) Slutt på innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:45, 16 august 2007 (CEST)

Eg føreslår å omdøypa Samfunnshuset til Møtestaden. Dessutan bør fargane på overskrifta, og boksen ho er i, endrast. Eit anna bilde må òg til, her har eg ingen forslag.
Eg var litt rundt og såg på andre Wikiar sine løysningar. Eg fann at på mange språk kallar dei det for Kafeen, eller noko tilsvarande, gjerne med eit bilde av ein kaffikopp. Kanskje noko å hente der òg? Martin NH 2. desember 2008 kl. 21:21 (CET)Svar
Eg har tenkt på luftegarden, men møtestaden er eit betre framlegg. Oransjefargen kan vi reservere for «nye meldingar»-banneret. Men før vi endrar namn, bør vi tenkje på kva namnet signaliserer. Er dette ein stad for slarv eller for høgtidlege drøftingar? - Knut 2. desember 2008 kl. 22:02 (CET)Svar
Det er sant, men kan ikkje møtestaden vere nettopp ein møtestad? Ein møtestad der ein diskuterer ting som har med nynorsk Wikipedia å gjere. I alle fall bør fargane endrast (dei er ikkje serlig fine), kanskje ein mørkeblå bakgrunn med kvit skrift? Martin NH 2. desember 2008 kl. 22:23 (CET)Svar
Eg liker namnet «Samfunnshuset» (sjølv om «Luftegarden» også er stilig). Kva er eigentleg så gale med det? Einig i at biletet kanskje ikkje treng vera der, det er blitt ein gammal spøk. Me kan jo ta det ut om ingen av forslaga over fell i smak. Men nye fargar kan me godt få. --Ranveig 4. desember 2008 kl. 22:34 (CET)Svar

Tinget finn vi i hovudstaden, samfunnshuset over heile landet. Fin assosiasjon, det. Det er også ein god idé å halde på tradisjonar (merkevare, som det heiter i notida). Eit namn som skil det frå nb. er også ok, så er det mogleg å referere til "Tinget" og "Samfunnshuset" på ein eintydig måte. Mitt framlegg er altså at vi ikkje endrar på det namnet vi har. Biletet er staseleg, det og, og kan gjerne stå, syns eg, evt. ispeidd med litt nyare samfunnshus nedover i artikkelen; gjerne ein sosialdemokratisk boks eller to (nei, sjølvsagt, ein boks er jo nok), eller andre hus for ulike samfunn.Trondtr 4. desember 2008 kl. 23:55 (CET).Svar

Eg har vokse opp med samfunnshus rundt meg, og det er ei framifrå samanlikning. Det er plassen der "det meste er lov". Me treng ikkje kike til venstre for å sjå kva dei andre kallar sine diskusjonsfora, dette er VÅRT samfunnshus. --Bep 5. desember 2008 kl. 01:19 (CET)Svar
Samfunnshus er ålreite dyr... :-) Samfunnshus finn du i dei fleste samfunn — anten det er Ytre Sogn, Oslo sentrum eller Manhattan. Eg synest det er ein fin måte å vise det lokale og sentrale, det norske og det internasjonale — og det dugnadsretta, egalitære inntrykket eg trur og håpar vi står for her. Så mi stemme går òg til Samfunnshuset. -- Olve Utne 5. desember 2008 kl. 20:29 (CET)Svar
Eg synst det har komme gode argument for å halde på både namn og bilete. Men oransjefargen må stå for fall. Og så kan vi kanskje fått løfta opp innhaldslista, gjerne som eit oversyn over aktive tråder, slik dei har på Tinget. -Knut 5. desember 2008 kl. 20:57 (CET)Svar
Dei fyrste samfunnshusa var vel umåla og difor grå. Det sto godt i stil med at både folk og fe va grå i gamle dagar (gamle bilete er prov på det...). Då det kom måling (målingpulvert utrørt i terpentin) på marknaden var åkergul ei vanleg farge, så oransje farge er ikkje så bort i natta. --Sigmundg 5. desember 2008 kl. 21:04 (CET)Svar
Det er greit for meg å halde på samfunnshuset, men fargane bytast ut. Det ser rett og slett stygt ut. Martin NH 6. desember 2008 kl. 10:17 (CET)Svar
Kan ikkje du lage eit utkast, Martin? Så vidt eg hugser har du gjort slikt med suksess før. Teksten i «Om samfunnshuset» er alt for lang, og eg skulle gjerne ha retta han sjølv. Men faktum er at eg ikkje forstår det som står om kategorisering mv, endå så kjend eg er på nn-wiki. - Knut 6. desember 2008 kl. 11:09 (CET)Svar
Teksten er både lang og gammal, han blei skriven før me fekk bott-arkivator, til dømes. I tillegg har eg inntrykk av at viktige drøftingar helst blir tekne på Samfunnshuset, slik at me ikkje treng så mykje om korleis ein skal laga diskusjonar andre stader. Så sett i gang, Martin, riv ned og sett opp nytt! --Ranveig 6. desember 2008 kl. 11:13 (CET)Svar

Nå har eg laga eit forslag til ny utsjånad. Eg tok vekk teksten om å laga diskusjonar, då viktige emne ser ut til å bli tatt opp på samfunnshuset. Skal eg òg ta vekk dei pågåande drøftingane? Såvidt eg ser har det gått lenge sidan det har vore noko aktivitet i dei. Martin NH 14. desember 2008 kl. 13:57 (CET)Svar

Flott, Martin, dette var eit steg i riktig retning. - Knut 14. desember 2008 kl. 14:34 (CET)Svar
Tja, sida kunne nok sett meir spenstig ut. Eg er veldig open for forslag til endringar. Eg laga noko liknande til Wikipedia:Arbeidskontoret (for å samkjøra utsjånaden), og den er eg eigentlig meir nøgd med. Martin NH 14. desember 2008 kl. 16:01 (CET)Svar
Kva med mjølkerampen? Det var der dei store spørsmåla, som vêret, ordførarkandidatar, avlsoksar, osb., vart drøfta før det vart vanleg å henta mjølka med tankbil. Men etter som kjerringane skjeldan var med i desse diskusjonane skjønar eg at framlegget mitt kjem til å verta nedstemt. --Sigmundg (diskusjon) 5. oktober 2015 kl. 05:54 (CEST)Svar

Sletting på Samfunnshuset

endre

Det har ikkje vore skikken å slette på Samfunnshuset, men lange innlegg som gjeld utestenging frå nbwp, skrivne av ein brukar som berre har bidrege på nbwp, har ikkje noko her å gjere. Eg sletta utan å lese alt, men ut frå det eg las, gjorde eg ikkje noko gale. Eg inviterer ikkje til diskusjon rundt innhaldet i det eg sletta, men om nokon vil diskutere det å slette slikt stoff, må det ha lov til det. --Knut 31. januar 2009 kl. 08:35 (CET)Svar

> Jeg synes vi skal beholde den. Iceblock 31. januar 2009 kl. 09:06 (CET)Svar

Ja, dette er feil plass. --Harald Khan Ճ 31. januar 2009 kl. 09:53 (CET)Svar

Fotballspelarar

endre

Hei! Er det mogleg å leggja til artiklar om fotballspelarar her. Spelarar som til eksempel Cláudio Taffarel, Aldair, Ricardo Gomes, Kári Árnason, Haukur Hauksson, Hólmar Örn Eyjólfsson, Cláudio Caniggia, Gabriel Batistuta, Diego Simeone, Mauricio Pochettino, Ariel Ortega, Óscar Ruggeri, Jorge Burruchaga, Jorge Valdano, Carlos Bilardo, Luis Suárez Miramontes, Ernst Happel, Jock Stein, Enzo Bearzot, Emil Hallfreðsson, Alfreð Finnbogason, Ari Freyr Skúlason, Samúel Friðjónsson, Sverrir Ingi Ingason, Lars Lagerbäck, Heimir Hallgrímsson, Kolbeinn Sigþórsson, Rúnar Már Sigurjónsson, Hjörtur Hermannsson, Björn Nordqvist, Ove Grahn, Ove Kindvall, Tommy Svensson, Ronnie Hellström, Conny Torstensson, Anders Linderoth, Tobias Linderoth, Staffan Tapper, Viv Anderson, Ralf Edström, Bo Larsson, Roland Sandberg, Søren Lerby, Jan Mølby, Dragan Džajić, Gordon McQueen, Willie Donachie, Martin Buchan, John Charles, Ivor Allchurch, Terry Medwin, Cliff Jones, Peter McParland, Willem van Hanegem, Wim Rijsbergen, Rinus Israël, Willy van de Kerkhof, Johnny Rep, Wim Suurbier, Piet Keizer, Romeo Benetti, Roberto Bettega, Renato Zaccarelli, Henri Michel, Archie Gemmill, Lou Macari, John Robertson, Waldemar Matysik, Włodzimierz Smolarek, Władysław Źmuda, Józef Młynarczyk, Alemão, Mazinho, Jim McInally, Alan McInally, Gary Gillespie, Murdo MacLeod, Willie Ormond, Stuart Pearce, Des Walker, Mark Wright, Jozef Chovanec, Michal Bílek, Tomáš Skuhravý, Karel Poborský, Patrik Berger, Martin Frýdek, Pavel Srníček, Dušan Uhrin, Guy Thys, Sepp Piontek, Bo Johansson, Bobby Robson, Alf Ramsey og Michael Reiziger. --88.90.220.108 14. august 2019 kl. 22:31 (CEST)Svar

Det er mogleg å skriva om dei, men du har lagt inn innlegget på feil stad. Wikipedia:Samfunnshuset er staden å diskutera innhald på Wikipedia på. --Ranveig (diskusjon) 15. august 2019 kl. 15:39 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Samfunnshuset».