Tankbil er ein lastebil med ein tank for transport av væsker, gass og så vidare. Tankbilar vert nytta for mange føremål, som distribusjon av drivstoff til bensinstasjonar, etterfylling av drivstoff på fly på flyplassar, transport av kjemikaliar, distribusjon av vatn i tørre område, og så bortetter. Dei finst i mange storleikar, frå små lette lastebilar, til store vogntog. Dei vanlegaste typane er enkel lastebil og semitrailer.

Ei MAN trekkvogn med tanken på ein semitrailer.

Lastsikring endre

Tankane er som oftast oppdelte i fleire rom med skott mellom, for at veska ikkje skal flytta seg til den eine sida i svingar eller til den eine enden i bakkar. Sideskotta treng ikkje vera heilt tette, men kan ha små opningar, slik at veska berre kan flytta seg sakte frå side til side. Om veska kunne flytta seg fritt kunne det føra til velting i svingar. I lengderetning er det best å ha heilt tette skott, slik at veska ikkje flyttar seg bakover i lange oppoverbakkar, eller framover i lange nedoverbakkar. Om veska var fri ril å renna bakover i in semitrailer til dømes, ville marktrykket på drivhjula på trekkvogna verta kraftig redusert og ein ville ikkje koma opp bakkar på vinterføre.

Transport av farleg gods endre

Mange væsker og gassar er brannfarlege, andre er giftige, og somme er eksplosjonsfarlege. Slike stoff vert klassifiserte som «farleg godt» og styremaktene i dei fleste land set strenge krev både til tankbilen og til opplæring av føraren. I Noreg er desse krava set av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap[1]; sjå og [2]

Galleri endre

Kjelder endre