Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 13, 2011

Forslag 1: Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir snakka i Noreg, og i norske utvandrarsamfunn, som blant norsk-amerikanarar i USA. I dei gamle norske provinsane i SverigeJämtland, Härjedalen og Båhuslen — blir det tala dialektar som svensk språkvitskap reknar som dialektar av norsk.

Dei norske dialektane blir tradisjonelt delt inn i to grupper, austnorsk og vestnorsk (inkludert nordnorsk), der austnorsk er dialektane med jamvekt og tjukk l for gamalnorsk og (i visse posisjonar) l. Den mest iøyrefallande skilnaden er likevel at austnorske dialektar har lågtone, mens vest- og nordnorske har høgtone, dvs. at eit ord som t.d. Bergen har initial låg tone i aust, men høg (eller fallande) i vest og nord.

Start ein diskusjon om Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 13, 2011

Start ein diskusjon
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 13, 2011».