Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 41, 2011

Forslag 1:

Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trangfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denne revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya.

Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvøya, har gjeve namn til kommunen. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200.

Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.


Fint bilete av «Nordmørsdomen»! - Hogne 21. september 2011 kl. 15:45 (CEST)Svar
Tilbake til prosjektsiden «Vekas artikkel/Veke 41, 2011».