Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 12, 2023
Juan Fernández-øyane er ei vulkansk øygruppe som ligg utanfor den chilenske kysten, sør i Stillehavet ca. 670 km vest for Valparaiso. Øygruppa består av tre større øyar: Robinson Crusoe-øya, Alejandro Selkirk-øya og Santa Clara-øya. Juan Fernández-øyane er leveområdet for ein høg prosentdel av sjeldne og endemiske plantar og dyr, og er anerkjende som ein distinkt økoregion. Det vulkanske opphavet på øyane og avsidesliggjande plassering gjorde at floraen fauna nådde øygruppa over havet; som eit resultat er øya heimstad for relativt få planteartar og svært få dyreartar.
Gruppa er oppkalla etter Juan Fernández, som oppdaga øyane på 1570-talet. Øyane er knytte til den stranda sjømannen Alexander Selkirk, som budde på Robinson Crusoe-øya i meir enn fire år frå 1704. Opplevingane hans skal ha inspirert Daniel Defoe si bok Robinson Crusoe. To av øyane er no kalla opp etter den oppdikta og den verkelege øybuen. Dei fleste av dei noverande innbyggjarane til øygruppa lever på Robinson Crusoe-øya, og hovudsakleg i hovudstaden San Juan Bautista, som ligg ved Cumberland Bay på nordkysten av øya. Næringslivet er basert på turisme og fiske. Les meir …