Alexander Selkirk

Alexander Selkirk, fødd Selcraig (død 13. desember 1721) var ein skotsk sjømann som levde på ei aude øy i over fire år. Opplevingane hans var truleg inspirasjon for Daniel Defoe då han skreiv Robinson Crusoe.

Alexander Selkirk

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia, Skottland
Fødd 1676
Lower Largo
Død

13. desember 1721 (45 år)
Cape Coast

Yrke sjøfolk
Språk engelsk
Alexander Selkirk på Commons

Liv endre

Alexander Selkirk var son av ein skomakar og garvar og var som ung noko av eit brushovud som primært gjorde seg negativt merka i samfunnet.

Han drog til sjøs og kom med på ein ekspedisjon som skulle prøva å fanga sjørøvarar. I 1703 mønstra han på handelsgalleonen «Cinque Ports» som styrmann. Året etter var han på tok med dette skipet i det sørlege Stillehavet i oktober, då det var ved folketomme øygruppa Juan Fernández for å skaffa forsyningar og drikkevatn.

Selkirk uttrykte stor tvil om skipet var sjødyktig, og valde å bli verande på land då skipet skulle segla. Ha rekna med å bli plukka opp av eit anna skip som kom forbi. Då «Cinque Ports» drog, angra Selkirk på avgjerda si, men var ikkje i stand til å få kontakt med det Skipet gjekk for øvrig ned omlag ein månad seinare, og størstedelen av mannskapet omkom.

Livet i einsemd endre

Selkirk hadde overvurdert høvet til å koma om bord på eit anna skip, og han kom til å vera åleine på øya i fire år og fire månader. Med seg hadde han ein muskett, krut, treverktøy, ein kniv, ein bibel og kleda sine.

I byrjinga var han på stranda, ettersom han frykta lydane som kom frå det indre av øya. Han brukte den første tida på å speida etter skip, men han åt skaldyr og leid elles av depresjon og sjølvmedynk. Han måtte dra frå stranda då ei stor gruppe sjøløver samla seg der for å para seg.

Dette viste seg å gjera livet betydeleg betre for Selkirk, sidan han no var fortrengd til det indre av øya. Her var mange fleire høve til å få mat: Ville geiter, som var innførte av tidlegare sjøfolk, gav han mjølk og kjøt, og fleire ulike frukter, grønsaker og krydder gav avveksling i kosten.

I byrjinga var han plaga av (likeeins innførte) rotter, som gnog på han om natta, men det lykkast han å temma nokre ville kattar som hjelpte han å halda rotteplaga nede.

Etterkvart byrja han at utnytta materiala til å bygga hyttar, og han brukte ein del tid på å lesa Bibelen høgt for seg sjølv som trøyst og for å halda språka sitt ved like. Etterkvart som tøyet hans blei slite opp, laga han nytt tøy av geiteskinn. Her kom oppveksten hjå den garvande faren hans til nytte, ettersom han kunne gje skinnet ei relativt skikkeleg behandling.

Før han blei redda var to skip kome til øya, men sidan begge var spanske og Storbritannia og Spania var i krig, frykta han meir for lagnaden sin ved å visa seg enn ved å bli, så han heldt seg skjult medan skipa låg for ankar.

2. februar 1709 kom så endeleg redninga då kapteinen på skipet «Duke» fekk auge på Selkirk på øya. Selkirk var overstadig av lykke, og med dugskapen han hadde opparbeidd seg under opphaldet sitt på øya, fanga han fleire geiter til mannskapet. Dette og dei etande vekstane han kjende til hjelpte det mannskapet til å koma seg frå skjørbuk.[1]

Kaptein Rogers var impionert over styrken til Selkirk, og av roa han verka å ha funne under opphaldet sitt. Han skreiv: «One may see that solitude and retirement from the world is not such an insufferable state of life as most men imagine, especially when people are fairly called or thrown into it unavoidably, as this man was.»[2] Kapteinen utnemned Selkirk til andrestyrmann på «Duke», og lét han seinare få kommandoen over eit av dei skipa dei tok som prise, «Increase»,[3] før det blei frikjøpt av spanjolane.[4]

Selkirk gjekk aktiv inn att i kaperverksemda. Ved Guayaquil i noverande Ecuador leia han ei mannskapsgruppe opp Guayaselva, der flere velståande spanske kvinner hadde flykta, og tok gullet og juvelane dei hadde gøymt i kleda sine.[5] Han tok del i jakta på skattegalleonar langs kysten av Mexico der dei tok skipet «Nuestra Señora de la Encarnación y Desengaño».[6] Skipet blei omdøypt til «Bachelor», og Selkirk blei ansvarsstyrmann under kaptein Dover.[7] Selkirk fullførte si jordomsegling ved Kapp det gode håp som ansvarsstyrmann på «Duke».[8] Han kom til ankerpunktet The Downs ved kysten av England 1. oktober 1711,[9] etter eit fråvere på åtte år.[10]

Selkirk såg ut til å kunna leva eit liv i velstand som kjendis, med sin del av prisen for «Duke» på kring 800 pund.[11] Juridiske tvistar gjorde kva som skulle tilfalla han usikker.[12]

Nokre år seinare vende Selkirk heim til fødebyen sin, men var der berre ei kort tid før han stakk av med ei 16-åring jente til London. Paret blei tilsynelatande ikkje gift, og kort etter drog Selkirk igjen til sjøs. Under eit kortare opphald i Plymouth gifta han seg med ei enke som hadde eit vertshus, men heldt fram som sjømann, og enda som løytnant på det kongelege skipet «Weymouth». Om bord på dette skipet pådrog han seg som andre frå besetninga gul feber, og dette kosta han livet. Han blei gravlagd til sjøs utanfor vestkysten av Afrika.

Seinare liv og omtale endre

 
Ei bok frå 1835 inspirert av livet til Selkirk.
 
Illustrasjon av Robinson Crusoe i geiteskinn

Selkirk sine opplevingar som øybuar gav han ein god del merksemd i England. Eit medlem av mannskapet, Edward Cooke, omtalte opplevingane hans i ei bok om reisa si, A Voyage to the South Sea and Round the World (1712). Nokre månader seinare gav leiaren for ekspedisjonen, Rogers, ei meir detaljert skildring.[13] Året etter skreiv den kjende essayisten Richard Steele ein artikkel om Selkirk i avisa The Englishman.

Daniel Defoe gav ut The Life and Surprising Adventures of Robinson Crusoe i 1719, var likskapen til Selkirk sine opplevingar tydeleg. Illustrasjonen på fyrste sida av boka viste ein mann på stranda kledd i geiteskinn, nett som Selkirk hadde vore.[14] Men Crusoe skildra ikkje ei øy i Sør-Stillehavet, men i Karibia, 4 300 km unna, der desse kleda ville vore ukomfortabelt varme. Denne likskapen bidreg til å visa at Selkirk kan ha vore modell for Robinson Cruose,[15] sjølv om dei fleste litteraturforskarar no også går med på at at Defoe kjende til fleire andre forteljingar om skipbrotne.[16]

Minne endre

Ein japansk-leia ekspedisjon leita kring 2000 etter leiren til Selkirk på øya, og fann eit navigasjonsinstrument frå hans samtid som truleg hadde tilhøyrt Selkirk.

I 1966 blei øya Selkirk hadde budd på offisielt døypt om til Robinson Crusoe-øya. Den vestlegaste av Juan Fernández-øyane blei døypt Alejandro Selkirk-øya, sjølv om Selkirk truleg aldri sette fot på denne øya.

Kjelder endre

  1. Rogers 1712, s. 131–132.
  2. Rogers 1712, s. 130.
  3. Rogers 1712, s. 147.
  4. Rogers 1712, s. 220.
  5. Rogers 1712, s. 178–179.
  6. Rogers 1712, s. 294.
  7. Rogers 1712, s. 312.
  8. Cooke 1712, s. 61.
  9. Rogers 1712, s. 427.
  10. Funnell 1707, s. 3.
  11. Steele 1713, s. 173.
  12. Souhami 2001, s. 180–181.
  13. Rogers 1712, s. 124–125.
  14. Severin 2002, s. 11.
  15. Severin 2002, s. 17.
  16. Little, Becky (28 September 2016). «Debunking the Myth of the 'Real' Robinson Crusoe». National Geographic. Henta 30 September 2016. 
  • Denne artikkelen bygger på «Alexander Selkirk» frå Wikipedia på bokmål, den 28. februar 2023.
  • Diana Souhami: Selkirk's Island: The True and Strange Adventures of the Real Robinson Crusoe (2001)
  • Daisuke Takahashi: In Search of Robinson Crusoe (2002)
  • Robert Krauske: Marooned: The Strange but True Adventures of Alexander Selkirk, The Real Robinson Crusoe (2005)
  • Bunch, Chris; Cole, Allan (1984). Sten 2: The Wolf Worlds. London: Orbit Books. ISBN 978-143-44-3107-3. 
  • Cooke, Edward (1712). A Voyage to the South Sea and Round the World, Performed in the Years 1708, 1709, 1710 and 1711 2. London: B. Lintot & R. Gossling.