Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 15, 2020

Teikningar av ulike fugleegg frå British Museum

Eggemysteriet er ein teikneserie med Donald Duck, skriven og teikna av Carl Barks. Teikneserien vart utgjeven i 1949 under tittelen Lost in the Andes! og handlar om Donald og nevøane hans, Ole, Dole og Doffen, som reiser til Andesfjella for å finna opphavet til mystiske firkanta egg dei oppdaga på eit museum.

Teikneserien kom ut i Noreg i bladet Donald Duck & Co nr. 13–17 våren 1963, som er publisert på bokmål, og vekte åtgaum for bruken av nynorsk i omsetjinga. Firkantfolket i historia snakkar nynorsk med vossasvip, som dei lærte av ein oppdikta professor frå Voss. Enkelte nynorskfolk tok det ille opp at språket vart knytt til eit snodig folk i ein avsides landsby og på denne måten gjort til lått. Donald-nummera med firkantfolket vart same året tekne av hyllene i bibliotek i Oslo, etter fleire protestar.

Eggemysteriet er i dag mellom dei mest kjende Donald Duck-historiene og er rekna som ein teikneserieklassikar. Don Rosa likte historia såpass mykje at han laga to relaterte teikneseriar – The Son of the Sun («Solens sønn») og Return to Plain Awful («Tilbake til Gufseplassen»), ein oppfølgjar til Eggemysteriet. Les meir …