Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 16, 2016

Georg Trakl

Georg Trakl (1887-1914) var ein austerriksk diktar og blant dei viktigaste lyrikarane i den tidlege ekspresjonismen. Diktinga til Trakl var i byrjinga påverka av den franske symbolismen, representert av forfattarar som Charles Baudelaire, Arthur Rimbaud og Paul Verlaine. Sidan utvikla Trakl ein eigen unik tone, prega av tungsinn og ei kjensle av lengsle og sorg. Diktinga hans krinsar om emne som liding, forgjengelegdom og undergang, kaos og det vonde. Trass i at han berre rakk å fullføre ut to diktsamlingar i løpet av tida han levde, fekk diktinga hans stor innverknad på den ekspresjonistiske lyrikken i mellomkrigstida og på tysk lyrikk etter 1945, og Trakl har blitt omtala som den fremste lyrikaren innan den tyske ekspresjonismen.

I dag blir han rekna blant dei viktigaste tyskspråklege diktarane i det 20. hundreåret, og har påverka mange kunstnarar og intellektuelle. Ludwig Wittgenstein, som las Trakl først etter at han var avliden, skreiv til Ludwig von Ficker om dikta at «eg forstår dei ikkje, men eg kjenner meg rikeleggjort av dei. Det er tonen til det verkeleg geniale menneske». I akademisk samanheng har blant andre Martin Heidegger arbeidd med Trakl sin forfattarskap. Georg Trakl har også påverka norske forfattarar som Olav H. Hauge og Jon Fosse. Les meir …