Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 2, 2017

Gravering av Gibraltar

Erobringa av Gibraltar av engelsk-nederlandske styrkar for Storalliansen skjedde mellom 1. og 3. august 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Sidan byrjinga av krigen hadde dei allierte sett seg om etter ei hamn på Den iberiske halvøya for å kontrollere Gibraltarsundet og nytta hamna for marineoperasjonar mot den franske flåten vest i Middelhavet. Etter å ha overtalt den portugisiske kongen om å bryte alliansen sin med Frankrike og Spania og alliere seg med Storalliansen kunne dei allierte flåtane drive felttog i Middelhavet med tilgang til hamna i Lisboa, og utføre operasjonar som støtta den austerrikske Habsburg-kandidaten til den spanske trona, erkehertug Karl.

Prins Georg av Hessen-Darmstadt representerte Habsburg i regionen. I juni 1704 mislukkast prinsen og admiral George Rooke, kommandanten til den største allierte flåten, å ta Barcelona for Karl. For å kompensere for mangelen på suksess avgjorde dei allierte kommandantane å gjere eit forsøk på å erobre Gibraltar, ein liten by på den spanske sørkysten. Etter kraftig bombardement og etter at britisk og nederlandske marinesoldatar og sjømenn gjekk i land, overgav guvernør Diego de Salinas Gibraltar og den vesle garnisonen den 3. august. Tre dagar seinare gjekk prins Georg inn i byen for Karl. I tilfelle Karl kom til å mislukkast i å avsetje Filip V som konge av Spania, skulle Gibraltar formelt avståast til Storbritannia med vilkåra i Utrecht-traktaten i 1713. Den dag i dag er Gibraltar framleis ein del av Storbritannia. Les meir …