Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2015
Lava er smelta stein som vert kasta ut under eit vulkanutbrot. I det lavaen kjem ut av vulkanventilen er han flytande og har ein temperatur frå 700 °C til 1200 °C. Lava kan flyte over store avstandar før han vert avkjølt og stivnar.
Ein lavastraum er lava som flyt ut av ein lavaventil i eit ikkje-eksplosivt utbrot. Når lavaen stoppar opp stivnar han og dannar ein magmatisk stein. Eksplosive utbrot produserer ei blanding av vulkansk oske og andre fragment kalla tefra i staden for lavastraumar. Ordet «lava» kjem frå italiensk, der det igjen truleg kjem frå det latinske ordet labes, som tyder eit fall eler eit ras. Den første bruken av ordet er frå utbrotet til Vesuv mellom 14. mai og 4. juni i 1737.
Steinsmelte er eit samleomgrep som vert nytta om både lava og magma. Les meir …