Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 30, 2020

Grimstad gjestehamn i juli 2008.

Grimstad er ein by og administrasjonssenteret i Grimstad kommune i Agder fylke. Han ligg ved ei bukt på vestsida av Groosefjorden og busetnaden strekker seg nordover inn i Fjære. Byen er eit regionalt handels- og servicesenter. Tettstaden som byen er del av hadde i 2019 over 13 000 innbyggjarar.

Grimstad voks fram på 1600-talet, då staden blei lasteplass under Arendal. I 1791 fekk Grimstad laste- og losefridom mot ei fast avgift til Arendal, og blei i 1816 sjølvstendig kjøpstad. Grimstad er i dag ein viktig skoleby med vidaregåande skolar og avdelingar av Universitetet i Agder. Byen har stor tilstrøyming av turistar i sommarsesongen og bykjernen er ein attraksjon i seg sjølv, med idylliske, eldre byinteriør og krokete gater. Byen er også kjend for teateret sitt, som ligg i eit steinbrot, og dei mange lokale reiarlaga. Henrik Ibsen budde i byen i perioden 1843–1850, då han arbeidde som apotekarlærling.

Grimstad hadde jernbanesamband til Rise i Arendal, som opna i 1907 og blei nedlagd i 1961. Etter nedlegginga blei delar av traseen gjort om til vegar. Til dømes ligg Europaveg 18 mellom Kristiansand og Oslo delvis over den gamle jernbanestrekninga, og tangerer den vestlege delen av bykjernen i Grimstad. Les meir …