Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 13, 2007
David Bowie (f. 8. januar 1947), fødenamn David Robert Jones, er ein engelsk songar og soloartist. Han har vore ei superstjerne innan populærmusikken i fem forskjellige tiår. Han er kjend som kameleonen i populærmusikken, han har forutsett trendar og justerer stil og personlegdom deretter, samtidig som han held fast på sine eigne idéar. Hans første skritt mot popularitet var med den folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han er betre kjend som den androgyne glamrockaren på Hunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gitt ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangerane vart populære eller i det heile oppstod. Bowie har òg arbeida som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar. Les meir…