Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 51, 2008
Star Trek er ei science fiction-verd frå fjernsyn og film, skapa av Gene Roddenberry i 1966. Star Trek skildrar ei optimistisk, nesten utopisk framtid der menneska har overvunne sjukdom, rasisme, fattigdom, intoleranse og krig på jorda. I Star-Trek universet har menneska utvikla teknologi for reiser raskare enn lyset, såkalla warp-drive. Med denne teknologien reiser ein rundt i universet for å oppdage nye sivilisasjonar og å skape fred og forsoning mellom dei ulike rasane.
Det har blitt produsert 6 fjernsynsseriar og 10 kinofilmar, der ein ellevte er i produksjon og truleg vil bli lansert våren 2009. Den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA kalla ei av romferjene sine opp etter Enterprise, romskipet i serien. Les meir…