Opna hovudmenyen
Jólafundurin var eit ordskifte om kva som kunne gjerast for å styrka færøysk mål og kultur.

Færøysk (føroyskt) er del av den vestnordiske målgreini, som rommar måli islendsk, færøysk, moglegvis nynorsk og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreini høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måli. Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det har vore offisielt språk sidan 1937.

Som islendsk har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføri nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem. Færøysk er, saman med islendsk og nokre norske og svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno har dei fire germanske falli: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). Les meir …