Wilhelm av Albania
Wilhelm av Albania (26. mars 1876–18. april 1945), opphavleg Wilhelm Friedrich Heinrich, prins av Wied, var statsoverhovud i Albania frå 7. mars til 3. september 1914, då han drog i eksil. Regjeringstida hans blei offisielt avslutta 31. januar 1925 då landet blei erklært republikk. I Albania herska han under namnet Vidi I, men blei også kalla Skanderbeg II, i hyllest til den albanske nasjonalhelten Skanderbeg.[1]
Wilhelm av Albania | |||
Ca. 1913 | |||
Fyrste av Albania | |||
Periode | 7. mars 1914–3. september 1914 (de facto), 31. januar 1925 (de jure, opprettinga av Republika Shqiptare) | ||
---|---|---|---|
Fødd | Personar fødde den 1876. 03. | ||
Fødestad | Neuwied | ||
Død | 18. april 1945 (69 år) | ||
Dødsstad | Predeal | ||
Mor | Marie av Nederland | ||
Far | Wilhelm av Wied | ||
Ektefelle | Prinsesse Sofie av Schönburg-Waldenburg | ||
Barn | Princess Marie Eleonore of Albania, Carol Victor, Hereditary Prince of Albania |
Wilhelm var son av den tyske fyrsten Wilhelm av Wied og Marie av Nederland. Han gifta seg 30, november 1906 med prinsesse Sophie av Schönburg-Waldenburg (1885–1936). Dei fekk to barn.
Wilhelm blei føreslått som albansk fyrste av moster si, den rumenske dronninga Elisabet av Wied, då stormaktene Austerrike-Ungarn, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Russland og Italia skulle finna eit overhovud for det nyleg sjølvstendige landet. Valet av Wilhelm blei annonsert i november 1913, og godkjend av den albanske interimstatsleiaren Ismail Qemali.[1] Då Wilhelm først fekk tilbodet takka han nei, men etter austerriksk press bytta han etterkvart meininga og sa 7. februar 1913 ja til rolla.[2]
21. februar fekk Wilhelm det formelle fyrstetilbodet frå ei gruppe framståande albanarar leidd av Essad Pasha Toptani, og fekk tittelen mbret, 'konge' eller 'fyrste'. Han kom til Albania i mars 1914 og slo seg ned i den midlertidige hovudstaden Durrës. Den nye fyrsten utpeikte ei regjering med Turhan Pasha Përmeti som statsminister og hovudsakleg adelege som statsrådar. Etter kort tid braut det ut opprør blant muslimar i sentrale Albania mot sjefsministeren Essad Pasha, og mot utanlandsk innverknad. Den greske hæren gjekk etterkvart inn i og besette Sør-Albania. Vidare tok Essad Pasha imot pengar frå Italia for å gjera opprør og avsetja Wilhelm. Pasha blei arrestert 19. mai 1914 og dødsdømd for landsforræderi, men fekk ved italiensk hjelp dra i eksil til Italia i staden.
Utbrotet av den første verdskrigen førte til endå større problem. Austerrike-Ungarn gjorde krav på albanske styrkar til å kjempa på si side, men Wilhelm nekta og viste til at Albania var erklært nøytralt i London-traktaten av 1913. Dermed mista han pengestøtten frå Austerrike-Ungarn. 3. september 1914, berre seks månader etter å ha kome, forlét Wilhelm landet att og drog til Venezia. I proklamasjonen sin om dette kalla han fråveret sitt midlertidig, men han kom aldri attende.
Wilhelm gjekk inn i den tyske keisarhæren og kjempa i verdskrigen som «hertug av Kruja», eit namn avleidd frå den albanske byen Krujë. Han gav aldri avkall på den albanske trona, Wilhelm døydde i Predeal, nær Sinaia i Romania. Han blei gravlagd i București.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wilhelm, Prince of Albania» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Pearson, Owen (2006). Albania in the Twentieth Century: a history. I.B. Tauris. ISBN 1-84511-013-7.
- ↑ Heaton-Armstrong, Duncan (2005). The Six Month Kingdom: Albania 1914. IB Tauris. s. xii, 12. ISBN 1-85043-761-0.