William Orpen
William Newenham Montague Orpen (27. november 1878–29. september 1931) var ein irsk-britisk kunstmålar fødd i Stillorgan i County Dublin. Han er særleg påakta som portrettmålar.
William Orpen | |
Statsborgarskap | Storbritannia, Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Den irske fristaten |
Fødd | 27. november 1878 Stillorgan |
Død |
29. september 1931 (52 år) |
Yrke | kunstmålar, biletkunstnar |
Sjanger | portrett |
Medlem av | Royal Academy of Arts, Royal Hibernian Academy |
Far | Arthur Orpen |
Mor | Anne Caulfeild |
Ektefelle | Grace Orpen |
Born | Vivien Antonia Bligh St. George |
William Orpen på Commons |
Liv og gjerning
endreOrpen var son til ein irsk advokat. Han studerte fyrst i Dublin og vidareførte studiane på Slade School of Fine Art i London. Orpen fekk sin fyrste pris i 1899 med det allegoriske måleriet Play Scene from Hamlet. I 1902 opna han eit atelier i London saman med Augustus John.
Ros frå John Singer Sargent og andre gjorde at Orpen med åra vart ein av dei mest etterspurde portrettmålarane i London. Han laga elles fleire eksperimentelle sjølvportrett, ofte med dramatiske framsyningar. Samstundes måla han mange verk med impresjonistiske motiv. Regelmessig reiste han til Irland for å arbeide der. Måleria hans frå denne perioden vert rekna til den irske renessansen, ei kulturell oppblomstring i fødelandet i byrjinga av 1900-talet. Etter påskeoppstanden i 1916, som han oppfatta som landsforræderi, sette han aldri sidan sin fot i Irland.
Under fyrste verdskrigen var Orpen tilsett som offisiell krigsmålar, knytt til den militære avdelinga 'War-Artist-Project'. I 1917 reiste han langs vestfronten i Frankrike og måla dei sjokkerande slagmarkane, men også offisielle portrett av offiserar og politikarar. Etter krigen var han i 1919 til stades som kunstnar ved underteikninga av freden i Versailles, der han laga eit stort lerretsmåleri.
Orpen vart sterkt gripen av det han hadde sett under verdskrigen. Han gav ut ei minnebok, og heldt fram med å måle bilete med krigsmotiv. Eitt av måleria, Til ein ukjend britisk soldat drepen i Frankrike, vart møtt med sterk kritikk i pressa. Han fjerna då frå måleriet to forkomne soldatar ståande ved ei likkiste, og Imperial War Museum kjøpte inn verket i 1927.
Orpen døydde i London i 1931. Gjennom livet måla han meir enn 600 portrett.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «William Orpen» frå Wikipedia på nederlandsk, den 16. desember 2013.