Willis Lamb

amerikansk fysikar

Willis Eugene Lamb (12. juli 1913 15. mai 2008) var ein amerikansk fysikar som vann Nobelprisen i fysikk i 1955 «for oppdagingane hans vedrørande finstrukturen i spektrumet til hydrogenet». Lamb var professor ved University of Arizona College of Optical Sciences.

Willis Lamb

Willis Eugene Lamb Jr. (1913-2008)
Fødd12. juli 1913
Los Angeles i California i USA
Død15. mai 2008 (94 år)
Tucson i Arizona i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk, laser, optikk, hydrogen
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Universitetet i Arizona
Columbia University
Yale University
Alma materUniversity of California, Berkeley
DoktorgradsrettleiarJ. Robert Oppenheimer
DoktorgradsstudentarTheodore Maiman
Marlan Scully
Kjend forLambskift
Laserteori
Kvanneoptikk
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society

Biografi

endre

Han mottok ein Bachelor of Science i kjemi frå University of California, Berkeley i 1934 og i 1938 mottok han ein filosofisk doktorgrad i fysikk for det teoretiske arbeidet hans med spreiing av nøytron med krystall, under rettleiing av Robert Oppenheimer. Han var frå 1945 til 1951 professor ved Columbia University, og frå 1951 til 1955 ved Stanford University i California. Frå 1956 til 1962 var han professor i fysikk ved Oxford University i England, og frå 1962 til 1974 professor ved Yale University i Connecticut, og frå 1974 professor ved University of Arizona.

Under andre verdskrigen arbeidde han vesentleg med radar og mikrobølgjeteknikk, og seinare med mikrobølgjespektroskopi. Han undersøkte mellom anna energitilstandene i hydrogen og påviste ei oppsplitting i finstrukturen som var ulikt frå det ein skulle vente ifølgje teorien til Paul Diracs. Kjennskapen til dette avviket, Lamb-forskyvninga, har vore av grunnleggjande tyding for den seinare utviklinga av kvanteelektrodynamikken. Lamb fekk i 1955, saman med Polykarp Kusch, Nobelprisen i fysikk for denne oppdaginga. Han er òg kjent for ei rekkje andre viktige arbeid både av eksperimentell og teoretisk art innan kjernefysikk.

Kjelder

endre