Opna hovudmenyen
Women in Uniform
Singel av Skyhooks
frå albumet Guilty Until Proven Insane
B-side «Don't Take Yur Lurex To The Laundromat»
«Do The Hook»
Utgjeve 1978
Innspelt 1978
Sjanger Glam rock
Lengd 4:21
Selskap Mushroom Records
Låtskrivar(ar) Greg Macainsh
Skyhooks-kronologi
«Party to End All Parties»
(1977)
Women in Uniform «Megalomania»
(1978)


«Women in Uniform» er ein song frå 1978 av det australske bandet Skyhooks. Han vart skriven av bassisten i bandet, Greg Macainsh. Songen kom ut på det fjerde albumet deira, Guilty Until Proven Insane, og nådde topp 10 på singellista i Australia.[1]

Singelen vart gjeven ut i Australia som både 7"- og 12"-singel med B-sidene «Don't Take Yur Lurex To The Laundromat» og «Do The Hook». Den internasjonale versjonen av singelen inneheld «BBBBBBBBBBBBBBoogie» frå Guilty Until Proven Insane.

Innhaldsliste

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Women in Uniform»  Macainsh  
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Don't Take Yur Lurex To The Laundromat»     
2. «Do The Hook»     

Iron Maiden-versjonenEndra

Women in Uniform
av Iron Maiden
B-side «Invasion» (7" & 12")
«Phantom of the Opera» (live) (12")
«Drifter» (live) (tysk 12")
Utgjeve 27. oktober 1980
Innspelt 1980
Sjanger Heavy metal
Lengd 3:08
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Greg Macainsh
Produsent Tony Platt
Iron Maiden-kronologi
«Sanctuary»
(1980)
Women in Uniform «Twilight Zone»
(1981)


Iron Maiden-versjonen av songen vart gjeven ut som den tredje singelen deira og var den siste som vart spelt inn med Dennis Stratton på gitar.[2] Singelen kom ut 27. oktober 1980 for å marknadsføre den andre britiske delen av Iron Maiden-turneen.[3] Songen kom òg ut på den australske utgåva av det andre studioalbumet deira, Killers, sidan han opphavleg hadde vore ein hitt for Skyhooks i Australia i 1978. I 1990 vart 12"-versjonen gjeve ut på CD og 12" som ein del av plateboksen The First Ten Years, der han vart kombinert med singelen «Twilight Zone».

Ideen om å spele inn songen vart føreslått av forlaget til bandet, Zomba, som skaffa dei studiotid i Battery Studios med AC/DC-produsenten Tony Platt.[4] Sjølv om dei først var skeptiske til å spele inn ein song som var så forskjellig frå stilen deira, gjekk bassisten Steve Harris med på ideen då Platt kom inn i biletet og sa «sidan han arbeidde med AC/DC tenkte eg 'Åh, du veit, greitt. Han kjem ikkje til å dra oss i ein kommersiell retning.'»[4] Etter å ha prøvd å skape sin eigen «heavy» versjon av songen, vart Harris sjokkert då han fann ut at Platt, med hjelp frå Stratton, hadde plukka på miksen sidan han hadde fått beskjed frå Zomba om «å prøve å få ein hit-singel.»[4] På grunn av dette, fekk Platt sparken og Harris miksa songen sjølv.[5]

Sjølv om den påtenkte miksen vart nytta, har bandet som regel sagt at dei mislikte singelen, og Harris har sagt «aldri, aldri, aldri skal nokon utafor få kødde med musikken vår igjen.»[6] Songen finst derfor berre på CD som ein del av The First Ten Years-erien og ei sjeldan utgåve av Killers frå 1995 med bonusplate. Songen verkar ikkje å ha blitt nymastra. B-sida «Invasion» vart nymastra for samleplata Best of the 'B' Sides.

Trass i dette var «Women in Uniform» grunnlaget for den første musikkvideoen til bandet, regissert av Doug Smith og filma i Rainbow Theatre. Filminga av videoen markerte det siste Dennis Stratton gjorde med bandet.[5]

Singelen på omslaget syner eit bilete av Margaret Thatcher med eit maskingevær, klar til å angripe maskoten til gruppa, Eddie. I følgje bandet var omslaget meint som ein spøk, som var meint å spørje om motivet hennar var sjalusi eller hemn (etter kontroversen med «Sanctuary» der ein kan sjå Eddie drepe Thatcher). Dette førte til ytterlegare kontroversar, og i følgje Liverpool Daily Post skal ei gruppe feministar «skrike, ropt og bore banner» i ein demonstrasjon under ein Iron Maiden-konsert ved Leeds University den 22. november.[3][5]

Den tyske 12"-utgåva inneheld eit konsertopptak av «Drifter» (frå «Sanctuary»-singelen) i staden for «Invasion» og hadde eit annleis omslag, eit utdrag av omslaget frå debutalbumet.[7]

InnhaldEndra

1980 7"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Women in Uniform»  Greg Macainsh 3:08
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Invasion»  Steve Harris 2:38
1980 12"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Women in Uniform»  Macainsh 3:08
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Invasion»  Harris 2:38
2. «Phantom of the Opera» (live ved Marquee, London 4. juli 1980)Harris 7:12
1980 tysk 12"-singel
Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Women in Uniform»  Macainsh 3:08
2. «Drifter» (live ved Marquee, London 3. april 1980)Harris 6:00
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Phantom of the Opera» (live ved Marquee, London 4. juli 1980)Harris 7:12

MedverkandeEndra

ListerEndra

Singel Liste (1981) Plassering
«Women in Uniform» UK Singles Chart 35[8]
Singel Liste (1990) Plassering
«Women in Uniform / Twilight Zone» UK Albums Chart[merk 1] 10[9]

FotnotarEndra

  1. Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.

Andre versjonarEndra

  • The Whitlams spelte songen under ARIA-prisutdelinga i 1998 og gav han ut som ein avgrensa singel året etter.
  • Paul Di'Anno - son song for Iron Maiden då dei spelte inn versjonen sin - spelte inn ein versjon av songen for albumet hans The Classics - The Maiden Years i 2006.

KjelderEndra

  1. Nimmervoll, Ed. «Skyhooks Biography». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 22. august 2016. 
  2. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 162. ISBN 1-86074-542-3. 
  3. 3,0 3,1 Bushell, Garry; Halfin, Ross (1985). Running Free, The Official Story of Iron Maiden (2nd utg.). Zomba Books. s. 83. ISBN 0-946391-84-X. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 175. ISBN 1-86074-542-3. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 176. ISBN 1-86074-542-3. 
  6. Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 177. ISBN 1-86074-542-3. 
  7. «Iron Maiden – «Women In Uniform»». Discogs. Henta 22. august 2016. 
  8. «Top 40 Official UK Singles Archive 15 November 1980». Official Charts Company. Henta 22. august 2016. 
  9. «Top 40 Official UK Albums Archive 3 March 1990». Official Charts Company. Henta 22. august 2016.