Wonderful World av Sam Cooke

Wonderful World
Singel av Sam Cooke
B-side

«Along the Navajo Trail»

Språk engelsk
Utgjeve 14. april 1960
Innspelt 2. mars 1959
Sjanger Soul
Lengd 2:09
Selskap Keen Records 2112
Komponist Lou Adler, Herb Alpert, Sam Cooke
Tekstforfattar Sam Cooke, Herb Alpert, Lou Adler
Låtskrivar(ar) Sam Cooke, Herb Alpert, Lou Adler
Sam Cooke-kronologi 
Wonderful World «Teenage Sonata»
(9/1960)


Wonderful World
Singel av Otis Redding
frå albumet Otis Blue
Språk engelsk
Utgjeve 1965
Innspelt Stax Studios, Memphis i Tennessee: 1965
Sjanger Soul
Lengd 3:00
Selskap Volt/Atco
Komponist Lou Adler, Herb Alpert, Sam Cooke
Tekstforfattar Sam Cooke, Herb Alpert, Lou Adler
Produsent Steve Cropper

«Wonderful World» (stundom kalla «(What a) Wonderful World», men har ingen samanheng med Louis Armstrong-songen «What a Wonderful World») er ein soulsong skriven seint i 1950-åra av soul-pioneren Sam Cooke, i lag med låtskrivarane Lou Adler og Herb Alpert.

Historie endre

Han vart først tilskriven psevdonymet «Barbara Campbell», som var kjærasten til Sam Cook på skulen, og vart først spelt inn av Cooke i 1959 for albumet The Wonderful World of Sam Cooke som kom ut i 1960. Songen vart gjeven ut som singel våren 1960, og nådde 12. plass i USA og 27. plass i Storbritannia. Songen er ein kjærleikssong, der songaren syng at han ikkje kan mykje om akademiske fag (songen vert ofte uformelt kalla opp etter den første linja i songen, «Don't know much about history»), men stadfestar til jenta i songen at «but I do know that I love you». Herman's Hermits hadde ein stor hitt med ein livleg versjon av songen i midten av 1960-åra, som nådde fjerdeplassen i USA og 7. plass i Storbritannia. Hermits-versjonen var, i følgje songar Peter Noone og gitarist Keith Hopwood, gjort som ei hyllest til Cooke då ban døydde.

I 2004 vart songen plassert på 373. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre versjonar endre

Songen er spelt inn av mange andre artistar, mellom andre The Supremes, Richard Marx, Greg Chapman, Art Garfunkel, Johnny Nash, The Flying Pickets, Otis Redding, Bryan Ferry, David Bromberg, The Boys, Terence Trent D'Arby, Steven Houghton, Michael Bolton, Jim Diamond, Jesse Malin, Joan Baez, Rod Stewart, Rockapella og Ulfuls.

Kjelder endre