Worm Darre-Jenssen
Worm Hirsch Darre-Jenssen (7. desember 1870–30. april 1945) var ein norsk ingeniør og Høgre-politikar frå Ranheim i Sør-Trøndelag. Han var arbeidsminister 1926-28 og stortingsmann 1925-30.
Worm Darre-Jenssen | |
![]() | |
Fødd | 7. desember 1870 Ranheim |
---|---|
Død | 30. april 1945 (74 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, ingeniør, maskiningeniør |
Far | Lauritz Jenssen |
Far til Darre-Jenssen var brukseigar. Sjølv tok han i 1889 og 1890 ingeniør-eksamenar ved både maskinavdelinga og bygningsavdelinga på Trondhjems Tekniske Læreanstalt. Han arbeidde så ved Statens Jernbaneanlegg åra 1890–94, og ved vegadministrasjon i Kristians amt 1895–1900. I 1901 var han byggeleiar for Trondhjems kommunale kraftanlegg ved Øvre Lerfoss. Perioden 1902-13 var han avdelingsingeniør i Trondhjem ingeniørvesen og der etter 1913–29 overingeniør i Trondhjem havneingeniørvesen. Frå april 1929 var Darre-Jenssen administrerande direktør i Norges Brannkasse, under andre verdskrigen i 1941 oppsagt av okkupasjonsstyret i Noreg.
Darre-Jenssen var stortingsrepresentant frå valkrinsen Trondhjem og Levanger i tida 1925–30. I halvtanna år frå 26. juli 1926 var han arbeidsminister i regjeringa til Ivar Lykke. Som ´arbeidsminister vart han kjend for sin motvilje til vidare jarnbaneutbygging, då han meinte at ein heller burde prioritere vegbygging. Stortingsåra elles var han medlem i Skog- og vassdragskomitéen.
KjelderEndra
- Stortingsbiografi Arkivert 2018-09-13 ved Wayback Machine.