Lauritz Jenssen
norsk brukseigar, ingeniør, stortingsmann og ordfører i Strinda
Lauritz Jenssen (25. mars 1837–7. juni 1899) var ein norsk brukseigar og stortingsmann frå Trondheim.
Lauritz Jenssen | |||
| |||
Fødd | 25. mars 1837 Ranheim | ||
---|---|---|---|
Død | 7. juni 1899 (62 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, ingeniør, brukseier, gründer | ||
Utdanna ved | Det tekniske universitetet i Karlsruhe | ||
Far | Lauritz Dorenfeldt Jenssen | ||
Barn | Lauritz Jenssen Dorenfeldt, Hans Jørgen Darre-Jenssen, Worm Darre-Jenssen | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab | ||
Alle verv |
|
Jenssen tok eksamen som maskiningeniør ved den polytekniske skulen i Karlsruhe i 1860. Same året tok han over styringa av Ranheim Bruk i Strinda, eigar av bedrifta frå 1867 til 1896. Han var medlem av heradsstyret i Strinda frå 1870 og ordførar 1888-89.
Jenssen var medlem av departementskomiteane som drøfta lakselova i 1872 og om tekniske skular i 1878. I 1876 var han medlem av vassdragskommisjonen. Frå 1884 var han medlem av representantskapet i Noregs Bank.
Jenssen var 4. representant frå Søndre Trondhjems amt på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av jarnbanekomiteen.
Han døydde på Ranheim i 1899.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914