X er den tjuefjerde bokstaven i det latinske alfabetet. Han blir uttala /ɛks/, medan han i internasjonal lydskrift står for ein ustemd velar frikativ (strupelyden sist i Bach eller loch). I det kinesiske pinyin-systemet står han for ein sj-lyd med tunga framme i munnen, /ɕ/.

X


Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
Fonetisk bruk[x]
[χ]
[ħ]
[]
[ks]
[ʃ]
[ɕ]
[]
[ʒ]
[ɗ]
[ʔ]
[ǁ]
/ɡʒ/[1]
[kʃ]
[d͡z]
[]
[z]
[gz]
[Ø]
/ɛks/
UnicodeU+0058, U+0078
Plass i alfabetet
Talverdi: 24
Historie
Utvikling
R11
(spekulasjon)
Tidsperiode~-700 til no
Etterkomarar • ×
 •
 •
 •
 •
 •
 •
 •
SlektningarХ
𐍇

Anna
Tilknytte tal24
SkriveretningVenstre til høgre
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

I NATO sitt fonetiske alfabetet melder ein X som X-ray.

I mange språk, til dømes italiensk og norsk, er bokstaven ikkje i bruk i eigne, heimelaga ord. Derimot kan ein finna han i lånord og namn av utanlandsk opphav.

Historie endre

Gresk xi Gresk chi
   
Fønikisk S Egyptisk djed
 
R11

Dei tidlege vestgrekarane brukte bokstaven χ, khi, for lyden /ks/. Austgrekarane og seinare heile det greske skriftspråket let denne bokstaven stå for lyden /kʰ/. I skriftspråk som er påverka av austgrekarane, som aserbadsjansk, tatarsk, usbekisk og lojban står X for strupelyden /x/. I det etruskiske og det seinare latinske alfabetet fortsette ein dermed den tidlegare vestgreske bruken.

Det er omstridd om bokstavane khi og xi er greske oppfinningar eller om dei har semittisk opphav. Chi var plassert mot slutten av det greske alfabetet, etter dei semittiske bokstavane, noko som tyder på at han var ei seinare utvikling. Det finst heller ingen semittisk lyd som svarar direkte til /ks/.

Ein reknar gjerne den fønikiske bokstaven samekh (uttalt /s/) som inspirasjon for gresk xi. Chi har ei ulik utforming frå denne bokstaven, men han kan og ha vore inspirert av samekh. Den opphavlege forma for samekh kan ha vore den egyptiske hieroglyfen for djed-søylen, men dette er og usikkert, ettersom ein ikkje har dokumentert nokre former imellom denne og den fønikiske bokstaven.

X kan stå for endre

Fotnotar endre