Xia Yan

kinesisk manusforfattar (1900-1995)

Xia Yan (30. oktober 19006. februar 1995) var ein kinesisk dramatikar, politikar og aktiv kulturformidlar. Xia Yan var fødd i Yuhang i Zhejiangprovinsen aust i Kina.[1] Han gjekk ut frå Zhejiang industriskule[2] i 1915.[3] Nokre år seinare blei han med i 4. mai-rørsla og var med på demonstrasjonar i Hangzhou. Deretter studerte han nokre år i Japan, fram til han vart utvist i 1927.[4] Under studietida las Xia Yan mellom anna Kapitalen og vart med i marxistiske sirklar. Han gjekk inn i Det kinesiske kommunistpartiet i 1926, og var ein av dei meir eller mindre fordekte kommunistane som gjekk inn i Kuomintang.

Xia Yan
夏衍

Fødd30. oktober 1900
Yuhang
Død6. februar 1995 (94 år)
Statsborgar avFolkerepublikken Kina
PartiKinas kommunistparti
Yrkemanusforfattar, omsetjar, skodespelforfattar, journalist, skribent, politikar, filmregissør
InstitusjonarZhejianguniversitetet
Utdanna vedKyushu Institute of Technology
Zhejianguniversitetet
Alle verv
  • medlem av Den nasjonale folkekongress Sjå dette på Wikidata

Etter heimkoma verka Xia først i Wuhan, så i Hongkong og så i Shanghai. Her grunnla han eit teater i 1929.[4] Under den sino-japanske krigen verka han som journalist.[4]

Xia Yan skreiv fleire skodespel med venstreorienterte tema etter sjølv å ha etterspurd «drama frå proletariatet». Av dei best kjende er det naturalistiske Under Shanghais takskjegg (《上海屋檐下》, Shanghai wuyanxia, 1937) og Den fascistiske basillen (《法西斯细菌》, Faxisi-xijun, 1944). Han skreiv også Sai Jinhua (1936), om ei kurtisane frå Qing-dynastiet med dette namnet.[4]

Han nytta også film for å framstille typiske kinesiske miljø. Han skreiv filmmanusskriptet til Nyttårsofferet (1956) etter eit verk av Lu Xun, og redigerte denne og to andre filmar basert på stykke av Ba Jin.

Xia Yan vart visekulturminister i 1960-åra, men under Kulturrevolusjonen vart han avsett, utsett for offentleg hån og send i fengsel. Etter åtte år i fangenskap sleppte han fri i juli 1975 og vart rehabilitert i 1978.[4] I 1979 blei han vald til formann for den kinesiske cinematografiorganisasjonen. I 1989 vart han æra for sine kulturbidrag av det kinesiske kulturdepartementet.

Xia Yan døydde i Beijing i 1995. Oska hans vart spreidd i elva Qiantang etter hans eige ønske.

Xia Yan-prisen for filmatisk litteratur er kalla opp etter han.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Xia Yan's Early Plays ved ccnt.com.cn
  2. 浙江甲种工业学校, ein teknisk skule under Zhejiang universitet
  3. www.zju.edu.cn/~piclib/fazhan/tuku/rw02.htm (daud lenkje oppgjeven av Engelsk, Fransk og Bokmåls-Wikipedia)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 «Xia Yan» i Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.