Xiang Jiang er ei elv i det sørlege Kina. Ho renn frå Haiyangfjella i fylket Lingui i provinsen Guangxi og inn i Hunan. Elva er den største i Hunan, og renn ut i innsjøen Dongtingsjøen, som renn vidare til Chang Jiang. Ho er 856 km lang, 670 km i Hunan.

Xiang Jiang
kinesisk skrift 湘江, 湘水 eller 湘;
pinyin Xiāng Jiāng, Xiāng Shǔi
elv
Xiang-elva i Changsha.
Munning Dongtingsjøen
Kart
Xiang Jiang
29°26′19″N 113°08′16″E / 29.438611111111°N 113.13777777778°E / 29.438611111111; 113.13777777778
Kart med tilsigsområde og elveløp til Xiangjiang (skarpt gult)
Kart med tilsigsområde og elveløp til Xiangjiang (skarpt gult)
Kart med tilsigsområde og elveløp til Xiangjiang (skarpt gult)
Wikimedia Commons: Xiang River

I følgje kinesisk folketru vert Xiang Jiang verna av to gudinner, Ehuang og Nüying. Dei var begge gift med den mytiske herskaren Shun. Etter at Shun døydde var dei ute av stand til å leve med sorga og tapet, og begge tok livet av seg på kvar sin stad ved elva. Folket i staten Chu, kjend fra Krigarrika-tida, dyrka desse elvegudinnene. Diktaren Qu Yuan skreiv et dikt om dei, Xiang-fruene, som er bevart.

Storbyar ved elva

endre

Kjelder

endre