Xiangtan
- Denne artikkelen handlar om byprefekturet. For fylket, sjå Xiangtan i Xiangtan.
Xiangtan er eit byprefektur ved elva Xiang Jiang i provinsen Hunan i Sør-Kina. Folkesetnaden innan grensene vert rekna til å vere (2004) 2,83 millionar.
湘潭 (pinyin Xiāngtán) | |
---|---|
Porten til Universitetet i Xiangtan. | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Hunan |
Oppretta | 200 f.Kr. |
Borgarmeister | Wu Qixiu |
Geografi | |
Flatevidd | 5 005,81 km² |
Flatevidd - By |
5015 km² |
Innbyggjarar - By - folketettleik |
2,916,400 581,5/km² |
Koordinatar | 27°51′N 112°54′E / 27.850°N 112.900°E |
Høgd over havet | 1090 m |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.xiangtan.gov.cn/ | |
Nettstad: xiangtan.gov.cn |
Administrative einingar
endreXiangtan består av to bydistrikt, éit fylke og to byfylke:
- Bydistriktet Yuetang (岳塘区), 206 km², 330 000 innbyggjarar, sete for lokalregjeringa;
- Bydistriktet Yuhu (雨湖区), 74 km², 370 000 innbyggjarar;
- Fylke Xiangtan (湘潭县), 2 513 km², 1,12 millionar innbyggjarar;
- Byfylket Xiangxiang (湘乡市), 2 003 km², 890 000 innbyggjarar;
- Byfylket Shaoshan (韶山市), 210 km², 100 000 innbyggjarar
Samferdsel
endreRiksveg 107 fører gjennom området. Han går frå Beijing til Shenzhen (rett ved Hongkong) og er på vegen innom provinshovudstadane Shijiazhuang, Zhengzhou, Wuhan, Changsha og Guangzhou.
Riksveg 320 går gjennom området. Han byrjar i Shanghai og går sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og Burma. Undervegs er han mellom anna innom Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på « Xiangtan» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2010.