Opna hovudmenyen

Dongtingsjøen er ein stor og grunn innsjø i den nordaustlege delen av provinsen Hunan i Kina. Han er basseng for Chang Jiang, storleiken på innsjøen varerier såleis mykje, avhengig av årstida. Provinsane Hubei og Hunan er kalla opp etter kvar dei ligg i høve til innsjøen. Hubei tyder «nord for sjøen» og Hunan tyder «sør for sjøen» på kinesisk.

Dongtingsjøen
洞庭湖, dòng tíng hú
innsjø
Waters of central China.jpg
Tilsig Yangtze, Xiang, Zi, Yuan, Li
Utløp Yangtze
Areal 2 820 km²
Wikimedia Commons: Lake Dongting
Kart over Dongtingsjøen, med dei største elvane som munnar ut i han

Han-dynastiet si tid var Dongtingsjøen den største innsjøen i Kina, men opp gjennom hundreåra har han skrumpa inn grunna landvinning for jordbruket. Han er no mindre enn Poyangsjøen, og rangert som Kinas nest største innsjø.

GeografiEndra

I perioden frå juli til september renn flaumvatn frå Chang Jiang ut i innsjøen. Han veks kraftig, og vidar seg ut frå normalt 2 820 km² til heilt opp i 20 000 km². Fire elvar munnar ut i Dongtingsjøen: Xiang Jiang, Zi Jiang, Yuan Jiang og Lishui. Dessutan munnar Xiao Jiang ut i Xiang Jiang tett ved Changsha, før Xiang Jiang munnar ut i innsjøen.

Storbyar nær DongtingtsjøenEndra

KjelderEndra